Toppidrett (IDR05‑02)
Kjerneelement
Ferdigheitsutvikling i eigen idrett
Kjerneelementet ferdigheitsutvikling i eigen idrett handlar om at det blir lagt til rette for at kvar enkelt elev kan utvikle ferdigheiter og eigenskapar som vil kunne føre til at eleven presterer betre i konkurransar. Elevane skal få kjennskap til kva som skal til for å halde seg skadefri, og korleis dei kan halde oppe motivasjonen til å gjennomføre store treningsmengder. Vidare handlar kjerneelementet om at haldningane og åtferda til kvar enkelt påverkar utviklingsmiljøet. Opplæringa skal motivere elevane til å utforske gjennom prøving og feiling, og hjelpe elevane med å akseptere at dette er ein naturleg del av prosessen for å oppnå ferdigheitsutvikling.
Kunnskap om ferdigheitsutvikling
Kjerneelementet kunnskap om ferdigheitsutvikling handlar om å leggje til rette for at elevane skal lære om forhold som påverkar prestasjon. Gjennom praktisk erfaring, identifisering, fordjuping og refleksjon skal elevane tileigne seg kunnskap om ferdigheitsutvikling, restitusjon og prestasjon. Kjerneelementet handlar òg om at det skal leggjast vekt på systematisk og målretta trening og det å ta ansvar for eiga utvikling. Vidare handlar det om å identifisere kva som skaper motivasjon, og å bli i stand til å bruke dette som eit verktøy for eiga ferdigheitsutvikling.