Toppidrett (IDR05‑02)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Toppidrett handlar om systematisk og målretta trening som skal bidra til å auke elevane sitt medvit om eiga utvikling. Elevane skal få høve til å lære om, forstå og utvikle forhold som har betydning for ein konkurranseutøvar. Dette inneber at elevane skal tileigne seg ferdigheiter, kunnskapar og haldningar som påverkar evna til å tenkje langsiktig, bevare motivasjonen og meistre idrettskvardagen over tid.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Faget toppidrett skal bidra til at elevane får innsikt i vitskapleg tenking, at dei tek ansvar for eiga læring, og at dei utviklar toleranse for syna og verdiane til andre. Toppidrett skal òg oppmuntre elevane til å vere undrande, nytenkjande og søkjande når dei utforskar idretten og ulike måtar å trene på, slik at dei held oppe idrettsgleda. Faget skal inspirere og utfordre elevane til å utvikle eigenskapar som tolmod, positiv innstilling og endringsvilje som er eigenskapar som blir verdsette i arbeidslivet.
