Fysikk (FYS01‑02)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter fysikk 1
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- planleggje og gjennomføre forsøk, analysere data og trekkje konklusjonar
- vurdere, bruke og lage modellar til å beskrive og føreseie fysiske fenomen
- vurdere ulike påstandar og argument om energi og klima i samfunnsaktuelle problemstillingar
- utforske, analysere og beskrive rettlinja rørsle
- forstå samanhengar mellom krefter, rørsle og energi og bruke dei til å gjere berekningar
- bruke numeriske metodar og programmering til å modellere og utforske rørsle i situasjonar der akselerasjonen ikkje er konstant
- forstå og gjere greie for konsekvensar av at rørslemengd og energi er bevart, og bruke dette i berekningar
- utforske korleis energi kan gå frå ei form til ei anna, og vurdere energikvalitet og verknadsgrad i slike overgangar
- gjere greie for samanhengane mellom ladning, spenning og elektrisk energi og utforske effektomsetning i elektriske krinsar
- forstå omgrepet temperatur og forklare korleis tilført varme til eit system fører til temperaturendring i dette systemet
- utforske, samanlikne og beskrive stråling frå lekamar med ulik temperatur og overflate
- bruke modellar av strålingsbalansen til jorda til å gjere berekningar, og vurdere korleis endringar på jordoverflata og i atmosfæren påverkar denne balansen
- beskrive ulike atommodellar og drøfte korleis observerbare effektar støttar eller utfordrar dei
- forstå omgrepet fusjon og vurdere korleis ulike grunnstoff kan dannast når stjerner lever, kolliderer og døyr
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i fysikk 1. Elevane viser og utviklar kompetanse i faget når dei bruker fagomgrep, teoriar og modellar til å beskrive, forklare og drøfte samanhengar i og mellom fysiske fenomen. Elevane viser og utviklar òg kompetanse når dei reflekterer over korleis fysikken blir brukt i praktiske situasjonar og i situasjonar i samfunnet. Elevane viser og utviklar òg kompetanse gjennom ei utforskande tilnærming til faget der dei planlegg, gjennomfører og presenterer eigne forsøk og undersøkingar. Vidare viser og utviklar elevane kompetanse når dei argumenterer for metodeval, reflekterer over funn og kritisk vurderer kjelder og informasjon.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst ved å ta i bruk varierte metodar der elevane arbeider praktisk og utforskande og blir oppmuntra til å bruke fagomgrep, teoriar og modellar i samarbeid med andre. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i å bruke kompetanse i fysikk 1 i resonnement, i argument og i praktisk arbeid. Elevane skal få høve til å prøve og feile. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over si eiga faglege utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i fysikk 1.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har ved avslutninga av opplæringa etter fysikk 1. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer forståing, refleksjon og kritisk tenking, i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i fysikk 1 basert på kompetansen eleven har vist ved å bruke kunnskapar og ferdigheiter i faget til å utforske fysiske fenomen, formidle samanhengar og argumentere for og kritisk vurdere løysingar på ulike faglege problem, både skriftleg, munnleg og praktisk.