Fysikk (FYS01‑02)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i fysikk inneber å beskrive eigne erfaringar med og observasjonar av den fysiske verda. Vidare inneber det å bruke fysikkfaglege omgrep til å formulere spørsmål og hypotesar, drøfte problemstillingar, formidle resonnement og argumentere for vurderingar i dialog med andre. Det inneber òg å forstå skilnaden mellom korleis dei same omgrepa blir brukte i allmenta og i fysikkfaget.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i fysikk inneber å formidle fagleg innhald skriftleg på ein strukturert og tydeleg måte med bruk av fagterminologi, symbol og vitskapleg notasjon. Det inneber òg å bruke eit matematisk språk for å formulere lovmessigheiter i naturen, formidle resonnement og angi kvantitative samanhengar. Vidare inneber det å veksle mellom ulike representasjonar, til dømes figurar, tekst, grafar, tabellar og matematiske formlar.
Å kunne lese
Å kunne lese i fysikk inneber å trekkje ut, tolke og reflektere over informasjon i tekstar som inneheld fysikkfaglege omgrep, symbol, matematiske uttrykk, figurar, grafar og programmeringskodar. Det inneber òg å følgje og forstå fysikkfaglege resonnement og argument i skriftleg tekst.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i fysikk inneber å bruke matematiske metodar og verktøy for å løyse fysiske problem og berekne kvantitative storleikar. Vidare inneber det å analysere måledata, berekne usikkerheit og lage og tolke matematiske modellar. Det inneber òg å bruke tal på standardform, bruke prefiks og å omforme einingar på ein formålstenleg måte. Å kunne rekne inneber òg å gjere overslag og vurdere rimelegheita av eit resultat.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i fysikk inneber å bruke digitale ressursar til å registrere, behandle, analysere, modellere og presentere data. Det inneber òg å innhente relevant informasjon for å studere fysikkfaglege fenomen og problemstillingar. Vidare inneber det å bruke programmering og dynamiske verktøy til å utforske fysiske problemstillingar.