Fysikk (FYS01‑02)
Kjerneelement
Praksisar og tenkjemåtar i fysikk
Kjerneelementet praksisar og tenkjemåtar i fysikk handlar om korleis naturvitskaplege metodar, eksperiment, teoriar og modellar blir utvikla og brukte. Kjerneelementet handlar òg om å bruke programmering, eksperiment, teoriar og modellar for å forstå fysiske samanhengar og fenomen. Vidare handlar det om å bruke og veksle mellom ulike representasjonsformer for å belyse og forstå teoriar og modellar.
Energi og energioverføring
Kjerneelementet energi og energioverføring handlar om korleis energi alltid er involvert når noko skjer, og at energien er bevart i alle fysiske prosessar. Vidare handlar det om ulike former for energi, korleis energien blir overført mellom objekt, korleis energien går frå ei energiform til ei anna, og korleis energien i dei ulike formene kan bereknast.
Krefter og felt
Kjerneelementet krefter og felt handlar om vekselverknaden mellom objekt. Vidare handlar det om korleis analyse av krefter kan brukast for å gjere kvantitative berekningar av rørsla kreftene forårsakar. Det handlar òg om korleis omgrepet felt blir brukt for å modellere og berekne fjernkrefter forårsaka av massar eller ladningar. Kjerneelementet handlar òg om at variasjonar i felt kan overføre energi i form av bølgjer eller indusert spenning.
Materie, tid og rom
Kjerneelementet materie, tid og rom handlar om byggjesteinane i naturen og korleis desse opptrer i tid og rom og til saman utgjer heile den fysiske verda vår. Vidare handlar det om utviklinga av dei teoretiske modellane og tenkjemåtane som blir brukte for å beskrive og forklare oppbygginga av alt, frå det minste til det største i universet.