Teaterproduksjon fordjupning (DRA05‑02)
Kompetansemål og vurdering
Forklaring
Kompetansemål etter teaterproduksjon fordjuping 2
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- ,
Å planleggje er å lage ei framdrift for å nå eit mål. Planen beskriv korleis vi har tenkt å gå fram for å oppnå målet, og kan vise samanhengen mellom aktivitetar, gjennomføring og mål.
ogÅ gjennomføre er å setje i verk, utføre og fullføre, for eksempel ei oppgåve, ei undersøking eller eit planlagt arbeid.
over kunstnariske val i kollektive skapande teaterprosessarÅ reflektere er å undersøke og tenkje gjennom ulike sider ved eigne eller andre sine handlingar, haldningar og idear. Vi kan òg reflektere over eit saksforhold, praktiske aktivitetar eller eiga læring. Refleksjon inneber å prøve ut eigne tankar og haldningar for å utvikle betre innsikt og forståing.
- omarbeide ogsceniske tekstar og visuelle forløp
Å analysere er å undersøke ei sak, ein gjenstand eller eit omgrep for å få avdekka ein bodskap eller ei meining. Å analysere kan bety grundig og systematisk behandling av enkeltelement og samanhengen mellom dei. Analysen kan òg gjelde ein arbeidsprosess.
- prøve ut dramaturgiske verktøy og inngangar i arbeid med iscenesetjing
- eksperimentere sjølvstendig med sceniske verkemiddel ogover effekten av desse i møte med publikum
Å reflektere er å undersøke og tenkje gjennom ulike sider ved eigne eller andre sine handlingar, haldningar og idear. Vi kan òg reflektere over eit saksforhold, praktiske aktivitetar eller eiga læring. Refleksjon inneber å prøve ut eigne tankar og haldningar for å utvikle betre innsikt og forståing.
- integrere tekniske og scenografiske løysingar i ulike performative uttrykk og teaterproduksjonar ogover bruk av multimediale løysingar og medieplattformer
Å reflektere er å undersøke og tenkje gjennom ulike sider ved eigne eller andre sine handlingar, haldningar og idear. Vi kan òg reflektere over eit saksforhold, praktiske aktivitetar eller eiga læring. Refleksjon inneber å prøve ut eigne tankar og haldningar for å utvikle betre innsikt og forståing.
- leie skapande prosessar, ta kunstnariske og arbeidsetiske val ogover korleis desse vala verkar inn på arbeidsprosessane i gruppa, produksjonen og publikum i det endelege uttrykket
Å reflektere er å undersøke og tenkje gjennom ulike sider ved eigne eller andre sine handlingar, haldningar og idear. Vi kan òg reflektere over eit saksforhold, praktiske aktivitetar eller eiga læring. Refleksjon inneber å prøve ut eigne tankar og haldningar for å utvikle betre innsikt og forståing.
- regikonsept innanfor ulike sjangrar ved å
Å utvikle kan vere å designe, skape, modellere eller utforme nye metodar, eit produkt eller ei teneste.
og eksperimentere med form, innhald og spelestilarÅ utforske handlar om å oppleve og eksperimentere og kan ivareta nyfikne og undring. Å utforske kan bety å sanse, søke, oppdage, observere og granske. I nokre tilfelle betyr det å undersøke ulike sider av ei sak gjennom open og kritisk drøfting. Å utforske kan òg bety å teste eller prøve ut og evaluere arbeidsmetodar, produkt eller utstyr.
- samfunnsutfordringar gjennom sceniske uttrykk og teatrale ytringar
Å utforske handlar om å oppleve og eksperimentere og kan ivareta nyfikne og undring. Å utforske kan bety å sanse, søke, oppdage, observere og granske. I nokre tilfelle betyr det å undersøke ulike sider av ei sak gjennom open og kritisk drøfting. Å utforske kan òg bety å teste eller prøve ut og evaluere arbeidsmetodar, produkt eller utstyr.
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i teaterproduksjon fordjuping 2. Elevane viser og utviklar kompetanse i faget når dei arbeider med sceniske verkemiddel, dramaturgi og analyse, når dei bruker teater som ytringsform, og når dei utviklar eigne sjølvstendige uttrykk. Elevane viser og utviklar òg kompetanse i faget når dei tek kunstnariske val, og når dei deltek i og leier skapande prosessar.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst ved at elevane får utforske og eksperimentere med sceniske verkemiddel og vidareutvikle rolla som bidragsytar og iscenesetjar i kollektive kunstnariske prosessar. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i å bruke dramaturgi og analyse i utvikling av scenisk materiale og formgiving av framsyningar, og elevane skal få høve til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over si eiga faglege utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle evna til kommunikasjon og samhandling, utvikle eigne leiareigenskapar og bruke moglegheitene i teateret som ytringsform og kunstnarisk uttrykk.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har ved avslutninga av opplæringa etter teaterproduksjon fordjuping 2. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer forståing, refleksjon og kritisk tenking, i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i teaterproduksjon fordjuping 2 basert på kompetansen eleven har vist ved å arbeide sjølvstendig med å skape teater og ved å bruke moglegheitene i teateret som ytringsform og kunstnarisk uttrykk i kollektive prosessar.