Teaterproduksjon fordjupning (DRA05‑02)
Kompetansemål og vurdering
Forklaring
Kompetansemål etter teaterproduksjon fordjuping 1
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- utarbeide og realisere sceniske konsept og uttrykk ved åulike teaterfaglege metodar
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- ulike former for teksttilnærming, dramaturgiske inngangar og modellar i arbeid med iscenesetjing
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- eksperimentere med sceniske verkemiddel og integrere tekniske, scenografiske og audiovisuelle løysingar
- leie skapande arbeid, ta val ogover korleis vala verkar inn på arbeidsprosessane i gruppa, produksjonen og publikum i det endelege uttrykket
Å reflektere er å undersøke og tenkje gjennom ulike sider ved eigne eller andre sine handlingar, haldningar og idear. Vi kan òg reflektere over eit saksforhold, praktiske aktivitetar eller eiga læring. Refleksjon inneber å prøve ut eigne tankar og haldningar for å utvikle betre innsikt og forståing.
- prinsipp for regi og skodespelarteknikk og nyttiggjere seg desse i kollektivt skapande framsyningsarbeid
Å gjere greie for noko er å gi ei fagleg grunngitt forklaring av eit saksforhold, ei problemstilling eller noko vi skal undersøke eller gjennomføre.
- og prøve ut korleis teater som ytringsform kan bidra til å kaste lys over samfunnsutfordringar og bidra til berekraftig utvikling
Å drøfte er å belyse ei sak ved å trekke fram ulike sider av saka, og argumentere både for og imot. Drøftinga kan slutte med ein konklusjon. Å drøfte kan vi gjere sjølvstendig og i dialog med andre. Ordskifte mellom fleire om eit saksforhold kan bety det same som å diskutere.
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i teaterproduksjon fordjuping 1. Elevane viser og utviklar kompetanse i faget når dei arbeider med sceniske verkemiddel, dramaturgi og analyse, og når dei drøftar og utforskar teater som kunstnarisk uttrykksform. Elevane viser og utviklar òg kompetanse i faget når dei tek eigne val, og når dei deltek i og leier kollektivt skapande prosessar.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst ved at elevane får utforske sceniske verkemiddel og utvikle seg i rolla som iscenesetjar. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i å forstå, analysere og bruke dramaturgiske inngangar og modellar i skapande aktivitet, og elevane skal få høve til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over si eiga faglege utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle eigne leiareigenskapar og utforske moglegheitene i teateret som ytringsform og kunstnarisk uttrykk.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har ved avslutninga av opplæringa etter teaterproduksjon fordjuping 1. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer forståing, refleksjon og kritisk tenking, i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i teaterproduksjon fordjuping 1 basert på kompetansen eleven har vist ved å utforske og analysere scenisk materiale og konsept, ved å utvikle teatrale uttrykk og forståing av moglegheitene i teateret og ved å delta i og leie kollektivt framsyningsarbeid.