Teaterproduksjon fordjupning (DRA05‑02)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Teaterproduksjon fordjuping handlar om å skape og medverke i sceniske produksjonar. Faget skal gi elevane høve til å delta i kreativt prosjektarbeid og formgi framsyningar for eit publikum. Vidare skal faget gi elevane høve til å utvikle ferdigheiter i og forstå bruken av ulike materiale, arbeidsmetodar og sceniske verkemiddel. Faget bidreg til å styrkje evna elevane har til å kommunisere og delta i kollektive prosessar, og rustar elevane til eit framtidig samfunns- og arbeidsliv der det blir stilt krav til prosessforståing og samarbeid.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Teaterproduksjon fordjuping skal bidra til å utfordre og motivere skaparevna til elevane gjennom å gi dei høve til å vere opne, produktive og lyttande bidragsytarar i kreative prosessar. I faget får elevane arbeide med å omsetje idear og nytenking til handling som grunnlag for entreprenørielle ferdigheiter. Faget skal òg gi elevane forståing av korleis teatrale uttrykk har utgangspunkt i den sosiale, rituelle og estetiske veremåten til menneska. Vidare skal faget gi elevane høve til å utvikle kunnskap om og erfaring med mangfaldet, moglegheitene og tradisjonane i teateret.