Teaterproduksjon fordjupning (DRA05‑02)
Kjerneelement
Iscenesetjaren
Kjerneelementet iscenesetjaren handlar om å utvikle, utforske og nytte seg av idear og ulike formspråk i rolla som kunstnarisk leiar. Det omfattar å leie og leggje til rette for skapande prosessar i framsyningsarbeid. Vidare handlar det om å arbeide med regi og å artikulere ulike teatrale og sceniske uttrykk som kan inspirere og bidra til å vidareutvikle individuelle og kollektive teaterproduksjonar.
Sceniske verkemiddel
Kjerneelementet sceniske verkemiddel handlar om å forstå og bruke eit mangfald av audiovisuelle, romlege og teatrale verkemiddel. Det handlar òg om å ta medvitne kunstnariske val og reflektere sjølvstendig over korleis vala heng saman og påverkar det heilskaplege sceniske uttrykket. Sceniske verkemiddel handlar vidare om å forstå og ta medvitne val i bruken av skodespelaren som eit verkemiddel i framsyningar.
Dramaturgi og analyse
Kjerneelementet dramaturgi og analyse handlar om å forstå kva for nokre sceniske konsept og perspektiv teater kan skape. Vidare handlar kjerneelementet om å utforske og bruke ulike dramaturgiske inngangar og modellar og om korleis ulike konsept kan formast om til scenisk materiale og framsyningar. Kjerneelementet dramaturgi og analyse gir elevane verktøy til å formgi teaterframsyningar gjennom å sjå på og analysere dramaturgi i eit historisk og samtidig perspektiv.
Arbeidsetikk
Kjerneelementet arbeidsetikk handlar om å oppleve eigarskap til og ta ansvar for arbeidsprosessane til ensemblet, som deltakar og som kunstnarisk leiar. Det omfattar å forstå betydninga av god kommunikasjon og å vere ein positiv og konstruktiv bidragsytar i samarbeid om produksjonar. Vidare handlar det om å etablere gode rutinar, møte førebudd og ha eit aktivt og fokusert nærvær i arbeidsprosessane. Arbeidsetikk handlar òg om etiske aspekt ved å leie andre og om å skape tillit og tilhøyrsel i grupper.