Teiknspråk

Norsk teiknspråk er det offisielle teiknspråket i Noreg, og som språkleg og kulturelt uttrykk er det likeverdig med norsk. Norsk teiknspråk er ikkje ein kommunikasjonsmetode for menneske med nedsett funksjonsevne, men eitt av dei mange språka som blir brukte i Noreg.

Til liks med teiknspråka til andre nasjonalitetar blir norsk teiknspråk uttrykt gjennom bruk av hender, ansikt, hovud og overkropp, og det blir oppfatta gjennom synet. Det har sin eigen grammatikk og setningsbygnad, og er ikkje ei visualisering av norsk skrift- og talespråk.

Mellom 16 000 og 20 000 personar i Noreg snakkar teiknspråk. 3000–5000 av desse er døve. Dei aller fleste som bruker teiknspråk, er to- eller fleirspråklege.

Teiknspråk i eit inkluderande fellesskap

I barnehagen og skolen bør de skape eit språkmiljø der eit barn eller ein elev med nedsett høyrsel får utvikle teiknspråket sitt naturleg.

I tillegg til tilsette med høg teiknspråkkompetanse, bør òg resten av dykk lære teiknspråk. Dersom de i personalet er engasjerte i teiknspråk, vil ofte dei høyrande barna òg ta til seg teiknspråket og synast at det er morosamt.

Dette skaper eit godt og inkluderande miljø for barnet eller eleven som bruker teiknspråk.

PP-tenesta kan søkje Statped om pedagogisk rettleiing. Statped tilbyr òg grunnkurs i teiknspråk for pedagogar.

NAV hjelpemiddelsentral kan hjelpe dykk med fysisk eller teknisk tilrettelegging, som signalindikatorar, teleslyngje og nettverkstelefonar.

Teiknspråk i barnehagen

Rutinar og føreseielege rammer er viktig for alle barn, og særleg for barn med nedsett høyrsel. I barnehagar der de kommuniserer på teiknspråk, er det viktig med god belysning.

Det er òg viktig at de synleggjer teiknspråk for alle barna i barnehagen. Dette kan de gjere med enkle grep, som

  • å gi alle barna, også dei som høyrer, kvart sitt namneteikn
  • å bruke teiknspråk i samlingsstunder, ved måltid og ved andre faste gjeremål i barnehagen, sjølv om det teiknspråklege barnet ikkje er til stades
  • å vere merksam på plassering, slik at barnet som bruker teiknspråk, ser den som snakkar, godt
  • å leike med teikn med alle barna, til dømes ved å hengje opp bilete av teikn
  • å ta opp att med teikn det dei høyrande barna seier i ulike situasjonar, slik at de inkluderer det teiknspråklege barnet
  • å involvere foreldregruppa i barna si utforsking av teikn

Teiknspråk i skolen

Elevar med høyrselshemming kan velje mellom opplæring i norsk teiknspråk og opplæring i og på norsk teiknspråk.

Opplæring i teiknspråk betyr at eleven skal få opplæring i å bruke norsk teiknspråk.

Opplæring på teiknspråk betyr at eleven skal få opplæring på norsk teiknspråk i alle fag. Opplæringa kan gå for seg ved ein annan skole enn nærskulen.

Eigne læreplanar

Elevar med rett til opplæring i og på teiknspråk har éin ekstra og tre tilpassa læreplanar:

Elevane får dermed eit utvida timetal, og krav om ein lærar med undervisningskompetanse i teiknspråk.

Les meir: Kunnskapsløftet 2020 – elever med tegnspråk

Opplæring i teiknspråk som individuelt tilrettelagd opplæring

Nokre elevar får opplæring i norsk teiknspråk som individuelt tilrettelagd opplæring. Då må innhaldet i og omfanget av opplæringa konkretiserast gjennom ein individuell opplæringsplan (IOP). Dette gir ikkje automatisk rett til ein lærar med undervisningskompetanse i teiknspråk. Elevane får då ikkje opplæring i dei fire læreplanane for teiknspråkbrukarar eller eit utvida timetal.

Teiknspråkopplæring utanfor nærskolen

I dag er mange elevar åleine om å få opplæring i norsk teiknspråk ved skolen sin. I nokre kommunar er det etablert ressursskular der elevane får opplæringa si i og på teiknspråk.

De kan via PP-tenesta søke Statped om rettleiing til god pedagogisk tilrettelegging. NAV hjelpemiddelsentral kan hjelpe dykk med fysisk eller teknisk tilrettelegging. 

Tilbod om deltidsopplæring i teiknspråk

Deltidsopplæring i tegnspråk for tegnspråklige barn og elever som i tillegg har kognitive vansker (Signo skole- og kompetansesenter)