Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag (HSF1-01)

Utgått


Denne læreplanen har utgått.

Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 16. januar 2006 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet med heimel i lov av 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 3-4 første ledd.

Navn endret fra helse- og sosialfag til helse- og oppvekstfag 1. august 2012.

Gjelder fra: 2006-08-01T00:00:00 +2

Gjelder til: 2018-07-31T00:00:00 +2

Føremål

Helse- og oppvekstfaga representerer viktige tradisjonar og verdiar på omsorgsfeltet, som gjeld fysiske, psykiske og sosiale behov hos mennesket. Opplæringa i felles programfag skal medverke til å dekkje kompetansebehovet i samfunnet innanfor oppvekst-, helse- og sosialtenestene. For å fremje helse både for den enkelte og for samfunnet som heilskap skal helse- og oppvekstfaga gi kunnskap om helsefremjande arbeid, livsstilsjukdommar og arbeidsmiljø. Eit fleirkulturelt samfunn krev kunnskap om og respekt for norsk, samisk og andre kulturar og tradisjonar. Eit viktig føremål med opplæringa skal vere å medverke til fleirkulturell forståing på oppvekst-, helse- og sosialfeltet.

Helse- og oppvekstfaga skal gjere elevane skikka til å yte god service og ta medansvar for arbeidsmiljøet. Opplæringa i felles programfag skal utvikle kunnskapane og ferdigheitene til elevane innanfor kommunikasjon og samhandling, og gi eit grunnlag for arbeid med menneske i alle livssituasjonar. Eit føremål med felles programfag er òg å medverke til yrkesforståing og yrkesstoltheit, gjennom bevisstgjering av eigne haldningar og ferdigheiter. Denne kompetansen vil kunne bli overført til andre livssituasjonar, og vil vere eit godt grunnlag for livslang læring.

Heilskapen i dei felles programfaga skal gi elevane ei plattform for vidare yrkesval og leggje til rette for utvikling av fagleg forståing gjennom kunnskap, refleksjon, etisk bevisstgjering, respekt og toleranse. Opplæringa skal vere praksisnær og tverrfagleg og knyte teori og praksis saman.

Struktur

Felles programfag er strukturert i tre programfag. Programfaga utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.

Oversikt over felles programfag:

Årssteg

Programfag

Vg1

Helsefremjande arbeid

Kommunikasjon og samhandling

Yrkesutøving

Omtale av programfaga

Helsefremjande arbeid

Helsefremjande arbeid som programfag handlar om samanhengen mellom livsstil og fysisk og psykisk helse. I dette inngår verdien av kosthald og fysisk aktivitet, førebygging av livsstilssjukdommar og hindring av smitte. Programfaget handlar vidare om korleis kroppen er bygd opp og fungerer. Førstehjelp og ergonomi høyrer med i programfaget.

Kommunikasjon og samhandling

Programfaget kommunikasjon og samhandling handlar om møtet mellom menneske, uavhengig av alder, språk, kultur, religion, livsførsel eller funksjonsnivå. Programfaget omfattar bevisstgjering av eigen veremåte og eiga åtferd overfor brukarar. Det handlar òg om dei krava samfunnet set til at yrkesutøvarane innanfor oppvekst-, helse- og sosialsektoren viser sosial kompetanse og ansvar, yter service og legg vekt på brukarmedverknad.

Yrkesutøving

Programfaget yrkesutøving handlar om korleis oppvekst-, helse- og sosialtenestene er bygde opp, eigenarten til dei ulike yrka, krava som må setjast til god yrkesutøving, og verdien av tverrfagleg samarbeid. Helse- og sosialtenester og oppvekstmiljø i eit fleirkulturelt perspektiv inngår i programfaget. Programfaget omfattar òg sentrale lover og allmenne spelereglar som gjeld i arbeidslivet.

Timetal

Timetalet er oppgitt i einingar på 60 minutt.

Vg1

Helsefremjande arbeid: 197 årstimar

Kommunikasjon og samhandling: 140 årstimar

Yrkesutøving: 140 årstimar

Grunnleggjande ferdigheiter

Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla, der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I helse- og oppvekstfag forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:

Å kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg i helse- og oppvekstfag inneber å kommunisere med andre menneske. Evna til kommunikasjon er avgjerande i møte med menneske i ulike livssituasjonar. Skriftleg utarbeiding av planar, dokumentasjon og referat er sentrale verktøy.

Å kunne lese i helse- og oppvekstfag inneber å tileigne seg ny kunnskap og innsikt. Å forstå det ein les i faglitteratur, statistikk, lovtekstar og plandokument, er sentralt og gjer den enkelte og fagmiljøet rikare.

Å kunne rekne i helse- og oppvekstfag inneber å bruke enkle framstillingar av statistikk og diagram i helsefremjande arbeid. Å kunne rekne er sentralt i arbeidet med problemstillingar omkring helse, ernæring og kosthald.

Å kunne bruke digitale verktøy i helse- og oppvekstfag inneber å utføre ulike arbeidsprosessar, vurdere energi- og næringsinnhald i måltid og framstille informasjon. Ved hjelp av digitale verktøy er det òg mogleg å søkje, hente og oppsummere relevant informasjon.

Kompetansemål

Helsefremjande arbeid

Helsefremjande arbeid

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • gjere greie for samanhengar mellom helse og livsstil
  • drøfte og gi døme på kva den enkelte og samfunnet kan gjere for å betre eiga helse og folkehelsa, både psykisk og fysisk
  • setje saman enkle måltid og vurdere energi- og næringsinnhaldet i tråd med tilrådingar om eit sunt kosthald frå helsestyresmaktene
  • drøfte helse-, livsstils- og kosthaldsinformasjon og reklame i media
  • gjere greie for kva den enkelte kan gjere for å halde ved lag eit godt immunforsvar og førebyggje smittespreiing, og forklare kva smittespreiing kan føre til
  • forklare korleis kroppen er bygd opp og fungerer i forhold til livsstilssjukdommar, og forklare konsekvensar av svikt i vitale kroppsfunksjonar
  • utføre grunnleggjande førstehjelp
  • bruke rette arbeidsteknikkar og gode arbeidsstillingar, og gjere greie for samanhengen mellom ergonomi og helse

Kommunikasjon og samhandling

Kommunikasjon og samhandling

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • gjere greie for og gi døme på kva haldningar, verdiar og menneskesyn er, med utgangspunkt i ulike psykologiske perspektiv
  • grunngi og vurdere eigne haldningar og veremåtar når omsorg og utvikling hos brukaren er målet, uavhengig av kultur, religion, livsførsel og funksjonsnivå hos den andre
  • gjere greie for kva som kjenneteiknar kommunikasjon som fremjar helse, trivsel og velvære, og sjølv medverke til det
  • kommunisere med ulike brukarar ut frå deira behov og modningsnivå
  • drøfte og prøve ut ulike modellar for konflikthandtering
  • forklare kva sosial kompetanse vil seie, og gi døme på korleis ein sjølv kan bruke sosial kompetanse i møte med menneske som er avhengige av tilbod i oppvekst-, helse- og sosialsektoren
  • gjere greie for kva empati tyder innanfor oppvekst-, helse- og sosialsektoren
  • gi døme på korleis empati kjem til uttrykk i handlingar, og sjølv kunne vise empati i veremåten sin
  • forklare kva eit etisk dilemma er, og gi døme på slike dilemma

Yrkesutøving

Yrkesutøving

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • gjere greie for korleis ein har organisert oppvekst-, helse- og sosialtenestene i samfunnet i dag
  • drøfte korleis endringar i samfunnet påverkar yrkesutøvinga i oppvekst-, helse- og sosialsektoren
  • gjere greie for kjenneteikn på profesjonalitet i yrke innanfor oppvekst-, helse- og sosialsektoren
  • diskutere og gi døme på service, etikk og omsorg i oppvekst-, helse- og sosialsektoren
  • gjere greie for sentralt regelverk som regulerer arbeidet i oppvekst-, helse- og sosialsektoren
  • gjere greie for kvifor det er viktig med heilskapleg og tverrfagleg samarbeid, og gi døme på yrkesgrupper som er med i slikt samarbeid
  • gjere greie for utfordringar og moglegheiter som vårt fleirkulturelle samfunn representerer for yrkesutøvinga i oppvekst, helse- og sosialsektoren
  • gi døme på korleis brukaren kan stimulerast til læring og opplevingar, uavhengig av alder, kulturtilhøyring og funksjonsnivå

Vurdering

Vg1 helse- og oppvekstfag

Føresegner for sluttvurdering:

Standpunktvurdering

Programfag

Ordning

Helsefremjande arbeid

Kommunikasjon og samhandling

Yrkesutøving

Elevane skal ha ein standpunktkarakter i kvart av programfaga.

Eksamen for elevar

Programfag

Ordning

Helsefremjande arbeid

Kommunikasjon og samhandling

Yrkesutøving

Elevane skal ikkje opp til eksamen.

Eksamen for privatistar

Programfag

Ordning

Helsefremjande arbeid

Kommunikasjon og samhandling

Yrkesutøving

Privatistane skal opp til ein skriftleg eksamen i kvart av programfaga. I tillegg skal dei opp til ein tverrfagleg munnleg-praktisk eksamen som omfattar programfaga. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Dei generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrift til opplæringslova.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!