Kva er nasjonale prøver?

Føremålet med nasjonale prøver er å gi skolane kunnskap om elevane sine grunnleggjande ferdigheiter i lesing, rekning og engelsk. Informasjonen frå prøvene skal danne grunnlag for undervegsvurdering og kvalitetsutvikling på alle nivå i skolesystemet.

Prøvene blir gjennomførte om hausten, kort tid etter at elevane har starta på 5., 8. og 9. trinn. Det tek inntil 90 minuttar å løyse ei prøve i lesing og rekning, mens det tek inntil 60 minuttar å løyse ei prøve i engelsk. 

Nasjonale prøver er 

  •  elektroniske prøver i lesing, rekning og engelsk
  •  samiske prøver
  •  prøver i rekning som er omsette til teiknspråk
  •  prøver i rekning og lesing som er omsette til punktskrift

Desse prøvene gir resultat om elevar på individ-, gruppe- og skolenivå. Resultata gir òg informasjon til lokale og nasjonale myndigheiter.

Korleis skal nasjonale prøver brukast?

  • Lærarane skal bruke resultata for å følgje opp elevane sine og i arbeidet med undervegsvurdering og tilpassa opplæring.
  • Kommunar og skolar skal bruke resultata som grunnlag for kvalitetsutvikling i opplæringa.
  • Forskarar kan søkje om å få utlevert resultat frå nasjonale prøver til bruk i forsking. 

Prøvene og resultata gir informasjon om enkeltelevar, grupper, trinn og skolar, som lærarar og skoleleiarar trenger for å utvikle skolen vidare. 

Ankeroppgåver og måling av utvikling over tid

Sjølv om to eller fleire prøver er konstruert på same måte, vil dei aldri ha nøyaktig same vanskegrad. Det er fordi oppgåvene i prøven er forskjellige frå år til år. For å kunne samanlikne resultata frå ulike prøver og ulike år, er det nødvendig å lenke prøvene saman. Dette er mogleg ved hjelp av eit ankerdesign, der eit antal oppgåver blir gjentatt kvart år ved at kvar elev får ein til to ankeroppgåver som ein del av prøven. Ved å bruke dei same ankeroppgåvene kvart år, kan vi lenke samen prøver frå eit år til eit anna.

Denne ankermetoden, der resultata kvart år blir satt på same skala, gjer det mogleg for skoler og skoleleier å vurdere utvikling i fordeling på meistringsnivåer og endring i gjennomsnitt over tid. Måling av utvikling over tid starta i 2014 for prøvene i rekning og engelsk, og i 2016 for prøven i lesing. Frå 2022 starta målinga av utvikling over tid på nytt, fordi nasjonale prøver er laga etter nytt læreplanverk og elevane gjennomfører prøvene i eit nytt gjennomføringssystem.
Ved å bytte ut omtrent 20 prosent av ankeroppgåvene kvart år, sørger vi for at heile ankeret blir nytt kvart femte år. Det er likevel viktig at ankeroppgåvene ikkje offentleggjerast. Dei vil difor ikkje være synlege i PAS – prøver etter gjennomføringa.

Prøver gir ikkje svara på alt

Resultata frå dei nasjonale prøvene gir eit avgrensa bilete av dei ferdigheitene og den kompetansen elevane har. Ein må derfor alltid sjå resultata i samanheng med annan relevant informasjon ein har om skolen, kommunen og elevane. 

Kva slags oppgåver skal elevane løyse?

Nasjonale prøver gir informasjon om elevar på alle nivå. Derfor har prøvene både lette og vanskelege oppgåver. Det er veldig få elevar som får alt riktig på prøva, somme får ingen. Det er fordi vi må ha nokre ordentleg vanskelege oppgåver som dei aller beste kan bryne seg på. 

Prøvene er elektroniske, og dei består av ulike tekstar, bilete og oppgåver med spørsmål. På opne oppgåver skal elevane svare med eigne ord eller med tal, mens på fleirvalsoppgåver skal elevane velje eitt av fleire svaralternativ.

Eksempeloppgåver elevane kan bruke for å førebu seg 

Kven skal gjennomføre kva for prøver?

Elevar på 5. og 8. trinn skal gjennomføre nasjonale prøver i lesing, rekning og engelsk.

Elevar på 9. trinn skal gjennomføre nasjonale prøver i lesing og rekning. Prøvene på 9. trinn er dei same som for 8. trinn, slik at skolar kan samanlikne resultat for 8. trinn med resultat frå 9. trinn det same året. Dersom skolar tek vare på resultata for 8. trinn det eine året, kan dei samanlikna resultata for dei same elevane det neste året. 

Moglegheit for fritak

Hovudregelen er at alle elevar skal delta på nasjonale prøver. Elevar med rett til spesialundervisning eller rett til særskild norskopplæring kan få fritak frå nasjonale prøver.

Les meir om vurdering av fritak.

Nasjonale prøver på teiknspråk og punktskrift

Nasjonale prøver er tilrettelagde og omsette til teiknspråk (rekning) og punktskrift (rekning og lesing).

Les meir om tilrettelagde prøver.

Tilrettelegging for enkeltelevar

Enkelte elevar kan ha behov for tilrettelegging. Rektor har i samråd med elevens lærar ansvar for tilrettelegginga. Les meir om tilrettelegging for enkeltelevar.

Korleis blir prøvene laga?

Fagmiljø ved høgskolar, universitet og nasjonale senter utviklar prøvene i samarbeid med lærarar og fagpersonar i Utdanningsdirektoratet.

Fagmiljøa utviklar prøvene ut frå eit rammeverk som skildrar innhaldet til prøvene og tekniske krav til utforming.

Det tek fleire år å utvikle ei prøve. Oppgåvene blir prøvd ut fleire gangar slik at vi på førehand veit at oppgåvene fungerer slik dei skal, og at prøva i si heilskap måler det ho skal måle.

Utdanningsdirektoratet har ansvar for at prøvene blir utvikla i samsvar med kvalitetskrava i rammeverk for nasjonale prøver, og at dei blir tilstrekkeleg kvalitetssikra.