For at det skal vera gode vilkår og godt tilrettelagt for ulike typar leik på SFO, er haldningane personalet har til, kunnskap om og ferdigheiter i leik vesentleg. Dei vaksne har ulike roller i barns lek. Sjå gjerne denne filmen som eit utgangpunkt til å reflektera over eigen praksis.
Les meir om leik i SFO
Refleksjonsspørsmål
- På kva måte kan leiken ha mykje å seia for den gode barndommen?
- Korleis legg vi til rette for den gode leiken i vår SFO?
- Kva roller tek vi i leiken til barna?
- Kva betyr det i praksis å verne, berike og stadfeste leiken?
- Korleis medverkar barna i vår SFO?
- Korleis tek det fysiske miljøet vårt vare på behovet til barna for varierte leike- og utforskingsmoglegheiter?
Rammeplan for SFO