I rapporten blir læringsmiljøindeksane frå Elevundersøkelsen analyserte på fylkes- og nasjonalt nivå for 7. trinn, 10. trinn og vg1.
Hovudfunn
- Motivasjonen på 7. trinn går ned
- 7. trinn skårar generelt høgare enn 10. trinn
- Små forskjellar mellom fylke
Motivasjonen for elevar på 7. trinn går ned over tid
Nasjonale tal viser at elevar på 7. trinn rapporterer lågare nivå av motivasjon i 2019 samanlikna med 2016. Denne nedgangen ser vi i 15 fylke og Aust-Agder hadde størst nedgang i perioden. Det er ikkje liknande nedgang i motivasjon på 10. trinn eller for vg1.
For dei andre læringsmiljøindeksane svarar elevane på 7. trinn, 10. trinn og vg1 stabilt i perioden 2016-2019.
Elevundersøkelsen
Elevundersøkelsen gjennomføres årlig. Svarene elevene gir, analyseres i flere ulike rapporter hvert år.
Meir om rapporten
Dei ulike indeksane på Skoleporten består nokre stader av eitt enkelt spørsmål, andre stader av fleire spørsmål som er slått saman. Samleskåren Mobbing på skolen viser delen elevar som seier at dei blir mobba av medelevar, av vaksne på skolen og/eller digitalt på skolen 2 eller 3 gongar i månaden eller meir.
Følgjande indekser inngår og er publiserte i Skoleporten:
- trivsel
- støtte fra lærerne
- støtte hjemmefra
- faglig utfordring
- vurdering for læring
- læringskultur
- mestring
- motivasjon
- elevdemokrati og medvirkning
- felles regler
- utdanning og yrkesveiledning
- mobbing på skolen
7. trinn skårar generelt høgare enn 10. trinn
Analysane på nasjonalt nivå viser at elevane på 7. trinn generelt skårar høgare på læringsmiljøindeksane i Skoleporten enn elevar på 10. trinn. Eksempelvis rapporterer elevar på 7. trinn om høgare motivasjon enn elevar på 10. trinn. Det er få vesentlege forskjellar mellom 10. trinn og vg1 på indeksane. Rapporten gir ikkje forklaringar på forskjellane mellom trinna.
I hovudsak små forskjellar mellom fylke
På fylkesnivå er det forskjellar mellom fylka på nesten alle indeksar, men generelt er desse forskjellane små.