Hovudfunn
- Tilskotsordninga for lokal kompetanseutvikling i fag- og yrkesopplæringa blir sett i verk ulikt i dei ulike fylkeskommunane. Det gjeld både korleis midlane blir lyste ut og blir fordelte, og korleis det blir rapportert på midlane. Den lokale gjennomføringa av ordninga, kartlegging av kompetansebehov, kven som søkjer om tilskot og korleis det blir rapportert på tildelte midlar varierer òg.
- Dei færraste fylkeskommunane har rutinar for kompetansekartlegging. Nokon bruker kompetanse- eller fagnettverk, andre kartlegg gjennom skolane, atter andre meiner at søknadene i seg sjølv er eit uttrykk for kompetansebehovet til skolane.
- Likevel er tilfredsheita med tilskotsordninga høg. Fylkeskommunen opplever ordninga som fleksibel og lite byråkratisk. Den har vorte meir kjend og betre forankra hos deltakarane i løpet av det siste året
Rapportserie
Dette evalueringsoppdraget kartlegg styrkar og svakheiter ved praktiseringa av ordningane for kompetanseutvikling i skole og yrkesfag. Eit av formåla med evalueringa er å identifisera suksessfaktorar som kan styrkja det langsiktige kvalitetsutviklingsarbeidet hos skoleeigar og i skolen.