Undersøkinga skal bidra til vidareutvikling av den nasjonale rektorutdanninga og omfattar spørsmål knytt til oppleving av studiet og dets kvalitet, relevans og nytteverdi. Dette er den tredje deltakarundersøkinga i den tredje versjonen av rektorutdanninga.
Framleis høg motivasjon for å ta vidareutdanning
Ni av ti deltakarar uttrykkjer høg grad av motivasjon.
Utfordrande å kombinera studiar med jobb
Arbeidsbelastninga med å studera og jobba på heiltid, er krevjande. Knappleik på tid blir framheva gjennomgåande på spørsmålet om kva deltakarane sakna av tilrettelegging.
Auka erfaringsdeling
I undersøkinga i år er det ein signifikant auke i andelen som oppgir at dei har fått tilbakemeldingar på eiga leiing og som har diskutert ny kunnskap med kollegaer, samanlikna med tilsvarande undersøking i 2022.
Ferdigheitstrening er viktig for utvikling av skuleleiarrolla
Auke i andelen som meiner at studiet i svært stor grad har vore relevant. Det kan ha samanheng med ein tilsvarande auke i andelen som oppgir at studiet har vore praktisk orientert og at kombinasjonen av praksis og teori har vore god.
Framleis stort læringsutbytte og stor tilfredsheit blant deltakarane
Mange deltakarar oppgir å vera svært fornøgde med utdanninga, og nær halvparten svarer at dei i stor grad har forandra eigen praksis. Læringsutbyttet til deltakarane rettar seg i størst grad mot eiga individuell utvikling. Endringar i praksis ved skulen er ikkje like tydelege, men tre av fire meiner at skulen i ei viss grad eller meir har justert praksisen sin som ein konsekvens av rektorutdanninga.
Deltakerundersøkelsen for skoleledere
Vi gjennomfører jevnlig spørreundersøkelser med ansatte i skole og barnehage som har tatt videreutdanning i faget sitt. Fra 2021 blir også skoleledere som tar videreutdanning for spurt om hvordan studiet fungerte for dem.
Se oversikt over alle rapportene for ansatte i skole og barnehage