Økonomiforskrift til privatskolelova
§ 10-1 Lovbrotsgebyr
Departementet kan ileggje skolar godkjende etter privatskolelova lovbrotsgebyr dersom skolen eller nokon som opptrer på vegner av skolen, forsettleg eller aktlaust bryt føresegner i:
- kapittel 3 om oppstart
- §§ 4-6 og 4-7 om rapportering av elevtal for grunnskolane og vidaregåande skolar
- kapittel 5 om skolepengar
- kapittel 6 om bruk av statstilskot m.m.
- kapittel 8 om rekneskap, revisjon og dokumentasjon, med unntak av § 8-4 om særskilde fråsegner frå revisor
- kapittel 9 om krav ved nedlegging av skoledrifta.
Ved vurderinga av ilegging og utmåling av lovbrotsgebyr kan det også leggjast vekt på om det er oppdaga forhold i strid med andre lover og forskrifter, dersom forholdet svekkjer tilliten til skolen.
Lovbrotsgebyret skal ikkje vere høgare enn tre gonger grunnbeløpet i folketrygda (3 G).
Tilføyd ved forskrift 18 mai 2026 nr. 831.