Økonomiforskrift til privatskolelova

Innhold og søk

Økonomiforskrift til privatskolelova

§ 4-4 Unntak for dokumentert fråvær i vidaregåande opplæring

Følgjande dokumentert fråvær skal ikkje reknast som fråvær ved berekning av statstilskot etter § 4-2:

  1. fråvær som kjem av sjukdom der omfanget av fråværet er beskrive og attestert av lege
  2. organisert eller sjølvstendig studiearbeid, mellom anna skoleadministrative gjeremål avtala på førehand med faglærar eller dagleg leiar. Sjølvstendig studiearbeid skal dekkje fag som det er gitt opplæring i under perioden og kan ikkje vere langvarig
  3. arbeid som tillitsvald, politisk arbeid, hjelpearbeid, lovpålagt oppmøte, fråvær av helse- og velferdsgrunnar og fråvær ved religiøse høgtider for elevar som er medlemar av andre trussamfunn enn Den norske kyrkja, avgrensa til i alt 14 skoledagar
  4. representasjon i arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå, avgrensa til i alt 10 skoledagar.