Privatskolelova
§ 7-2 c Lovbrotsgebyr
Departementet kan ileggje skolar godkjende etter denne lova lovbrotsgebyr dersom skolen eller nokon som opptrer på vegner av skolen, forsettleg eller aktlaust bryt føresegner gitt i denne lova eller føresetnadene for godkjenninga.
Ved vurderinga av ilegging og utmåling av lovbrotsgebyr kan det også leggjast vekt på om det er oppdaga forhold i strid med andre lover og forskrifter, dersom forholdet svekkjer tilliten til skolen.
Departementet kan gi forskrift om lovbrotsgebyr, og departementet kan i forskrift fastsetje at skolar godkjende etter denne lova kan ileggjast lovbrotsgebyr dersom skolen eller nokon som opptrer på vegner av skolen, forsettleg eller aktlaust bryt føresegner i forskrifter som er fastsette med heimel i lova.
Tilføyd ved lov 20 juni 2025 nr. 98 (i kraft 1 aug 2025 iflg. res. 20 juni 2025 nr. 1091).