KRLE (RLE01‑04)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i KRLE inneber å kunne lytte til, fortelje om, presentere og samtale om faglege emne, og å kunne argumentere for eigne synspunkt og ta ulike perspektiv. Munnlege ferdigheiter inneber òg å bruke fagspesifikke omgrep til å utforske, drøfte og reflektere over kunnskapsområda i faget. Munnlege ferdigheiter inneber dessutan å kunne uttrykkje ulike meiningar og argumentere for desse ved hjelp av filosofiske samtaleformer og filosofisk samhandling og refleksjon. Utviklinga av munnlege ferdigheiter går frå å kunne samtale om eit emne til å kunne presentere og drøfte komplekse faglege problemstillingar. Dette inneber i aukande grad å kunne bruke fagomgrep til å uttrykkje og vurdere eiga forståing. Munnlege ferdigheiter inneber òg å gradvis utvikle evna til å lytte til andre.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i KRLE inneber å kunne bruke skrift- og biletspråk til å kommunisere og til å utvikle kunnskap om religionar, livssyn og etikk. Ferdigheita omfattar òg å kunne utforske ulike syn og argumentere for og mot ulike standpunkt. Det omfattar òg å kunne bruke fagspesifikke omgrep i skriftleg arbeid og å kunne vurdere eiga læring i arbeid med faglege tekstar. Utviklinga av det å kunne skrive i faget går frå å kunne fortelje og beskrive til å kunne utforske faglege problemstillingar. Dette inneber at elevane i skriftlege arbeid gradvis tek i bruk fagspesifikke omgrep og ulike kjelder for å utvikle kompetanse til å vurdere eiga læring i arbeid med faglege tekstar.
Å kunne lese
Å kunne lese i KRLE inneber å oppleve og forstå ulike religiøse og filosofiske tekstar. Det omfattar òg å reflektere over og tolke tekstar, illustrasjonar, symbol og andre uttrykk. Vidare inneber det å samanlikne og systematisere informasjon og vurdere kjelder kritisk. Utviklinga av det å kunne lese i KRLE går frå å kunne forstå innhaldet i enkle tekstar til å kunne analysere og vurdere form og innhald i komplekse tekstar. Dette inneber i aukande grad å forstå fagomgrep og å kunne finne, bruke og vurdere ulike kjelder til informasjon.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i KRLE inneber å kunne bruke og forstå tidslinjer i møte med framstillingar av religionar og livssyn. Det inneber òg å forstå korleis statistikk og tabellar kan brukast. Utviklinga av det å kunne rekne i faget inneber i aukande grad å kunne forstå og reflektere over statistisk materiale og tabellar.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i KRLE inneber å kunne bruke digitale ressursar i eige skapande arbeid. Det omfattar òg å kunne innhente informasjon om religionar og livssyn frå digitale kjelder og tolke og kritisk vurdere informasjonen. Utviklinga av digitale ferdigheiter i faget går frå å bruke enkle samansetningar av tekst, lyd og bilete til å kunne lage og vurdere samansette digitale produkt for framstilling av faglege tema. Digital dømmekraft blir utvikla gradvis gjennom aukande grad av etisk refleksjon over korleis digitale ressursar blir brukte. For elevar på 1.-4. trinn skal bruken av digitale einingar vere særskild varsam, og ikkje dominere undervisninga.