KRLE (RLE01‑04)
Fagrelevans og sentrale verdiar
KRLE er eit sentralt fag for å forstå seg sjølv, andre og verda rundt seg. Gjennom kunnskap om ulike religionar og livssyn skal elevane utvikle evne til å leve i og med mangfald i samfunns- og arbeidslivet. KRLE skal gi øving i etisk refleksjon og bidra til å utvikle dømmekrafta til elevane i kvardagen og i møte med samfunnsutfordringar.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. I KRLE blir verdispørsmål behandla på bakgrunn av kunnskap om religiøse og filosofiske tradisjonar og idear og gjennom utforsking av slike tradisjonar og idear. Elevane skal bli kjende med verdiane som skulen og samfunnet byggjer på, og korleis dei er forankra i ulike religionar og livssyn. Dette er verdiar som respekt for menneskeverdet og naturen, åndsfridom, nestekjærleik, tilgiving, likeverd og solidaritet. Faget skal bidra til å gi elevane innsikt i kristen og humanistisk arv og tradisjon og i korleis desse har endra seg gjennom historia. Faget skal gi elevane kunnskap om menneskerettane og medvit om menneskeverdet som grunnleggjande verdi, og det skal leggje til rette for gjensidig respekt, toleranse og demokratisk medverknad.
Etter opplæringslova skal opplæring om kristendom, andre religionar, livssyn og etikk samle alle elevar, og medvirke til auka forståing, respekt og evne til dialog mellom menneske med ulikt syn på trus- og livssynsspørsmål. Emna skal presenterast på ein objektiv, kritisk og pluralistisk måte. Forbud mot forkynning og reglar om fritak frå aktivitetar i opplæringa på grunn av livssyn følgjer òg av opplæringslova.
Læreplanen i KRLE legg til rette for at kristendom, jødedom, islam, buddhisme, hinduisme, sikhisme, nyreligiøsitet og livssynshumanisme kan bli behandla både enkeltvis og i samanheng. Til saman skal elevane bli godt kjende med breidda av religiøse og ikkje-religiøse livssyn. Om lag halvparten av undervisningstida i faget skal bli brukt på kristendomskunnskap.