KRLE (RLE01‑04)
Kompetansemål og vurdering

Ikke gyldig før 1.8.2026

Dette settet med kompetansemål er ikkje gyldig for 8. trinn–10. trinn før 1.8.2026. Fram til da er det forrige versjon av læreplanen som gjeld. Sjå meir informasjon under:

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter 10. trinn

  • utforske og presentere sentrale trekk ved kristendom og andre religions- og livssynstradisjonar og gjere greie for utbreiinga deira i dag
  • utforske og drøfte korleis kristendom og andre religionar inngår i historiske endringsprosessar globalt og nasjonalt
  • undersøkje og presentere sentrale idear frå livssynshumanisme og andre ikkje-religiøse livssyn
  • utforske og presentere religiøst mangfald og religiøse praksisar utanfor etablerte religionssamfunn
  • gjere greie for og reflektere over religions- og livssynstradisjonane til samane og andre urfolk
  • bruke og drøfte fagomgrep om religionar og livssyn
  • samanlikne og vurdere kritisk ulike kjelder til kunnskap om religionar og livssyn
  • gjere greie for og reflektere over ulike syn på kjønn og seksualitet i kristendom og andre religionar og livssyn
  • utforske og presentere korleis element frå kristendom og andre religionar og livssyn kjem til uttrykk i medium og populærkultur
  • utforske og samanlikne etiske idear frå sentrale skikkelsar i religiøse og livssynsbaserte tradisjonar
  • utforske etiske idear frå sentrale skikkelsar i filosofihistoria og anvende ideane til å drøfte aktuelle etiske spørsmål
  • utforske perspektiva til andre og handtere usemje og meiningsbryting
  • reflektere over eksistensielle spørsmål knytte til det å vakse opp og leve i eit mangfaldig og globalt samfunn
  • identifisere og drøfte etiske problemstillingar knytte til ulike former for kommunikasjon
  • identifisere og drøfte aktuelle etiske problemstillingar knytte til menneskerettar, berekraft og fattigdom

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering