Musikk i perspektiv (MUS06‑02)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I musikk i perspektiv handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å reflektere over og gi uttrykk for eigne kjensler, tankar og erfaringar i møte med ulike former for musikk. Det inneber å anerkjenne eigne og andre sine uttrykk og opplevingar, handtere relasjonar og delta i sosiale fellesskap. Det tverrfaglege temaet handlar òg om korleis erfaring med musikk frå ulike tradisjonar, kulturar og tider både kan stadfeste og utfordre den musikalske ståstaden til elevane og bidra til identitetsutvikling og livsmeistring.
Demokrati og medborgarskap
Demokrati og medborgarskap I musikk i perspektiv handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om å bli kjend med musikk som uttrykksform i sosiale fellesskap gjennom tidene. Det inneber arbeid med ulike musikalske praksisar som kan bidra til forståing av rolla musikken har som politisk verkemiddel. Vidare handlar det om forståing, toleranse og respekt i møte med eit musikalsk mangfald i samfunnet og om konstruktiv samhandling.
Berekraftig utvikling
I musikk i perspektiv handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om korleis musikk og kulturelle uttrykk blir forma av natur, kultur og menneske, både lokalt og globalt. Det handlar om korleis den sensibiliteten menneske kan utvikle i møte med kunst, har likskapstrekk med møta menneske har med natur. Vidare handlar det om korleis kulturell utvikling heng saman med tilgang til og bruk av ressursar. Det omfattar òg forståing av interessekonfliktar ved fordeling av ressursar når samfunnet blir endra i ei meir berekraftig retning, og betydninga musikkteknologi kan ha for menneske, miljø og samfunn.