Musikk i perspektiv (MUS06‑02)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter musikk i perspektiv 1

  • beskrive kjenneteikn og verkemiddel i musikkdøme frå ulike sjangrar, inkludert norsk og samisk folkemusikk
  • reflektere over sentrale musikalske utviklingstrekk og funksjonane musikken har for individet og samfunnet
  • drøfte den historiske betydninga til musikktradisjonar i demokratiske prosessar og for kulturell identitetsdanning
  • drøfte rolla og betydninga til musikken for kjenslelivet, dei sosiale relasjonane og identiteten til menneske
  • utforske og reflektere over korleis natur, menneske, ressursbruk og samfunn kjem til uttrykk i ulike musikkformer
  • identifisere og beskrive elementa i musikken ved bruk av fagomgrep, med utgangspunkt i noterte og klingande musikkdøme
  • memorere, utføre og setje ord på rytmiske og tonale element i musikk frå ulike sjangrar ved å bruke gehør
  • lese notert musikk og notere musikalske element frå ulike sjangrar ved å bruke gehør

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering