Musikk i perspektiv (MUS06‑02)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter musikk i perspektiv 2
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- kjenne att, analysere og reflektere over kjenneteikn og særtrekk ved lokale, nasjonale og globale musikktradisjonar og -praksisar, inkludert norsk og samisk folkemusikk
- reflektere over utviklingstrekka og funksjonane til musikken for individet og samfunnet, i ulike historiske kontekstar, ved å bruke kunnskap om musikalske verkemiddel
- utforske og reflektere over korleis likestilling, menneskeverd og politiske meiningar kjem til uttrykk i ulike musikkformer
- drøfte rolla og betydninga til musikken for kjenslelivet, dei sosiale relasjonane og identiteten til menneske til ulike tider
- utforske og drøfte korleis natur, menneske, ressursbruk og samfunn kjem til uttrykk i ulike musikkformer
- analysere elementa i musikken med utgangspunkt i noterte og klingande musikkdøme ved å bruke musikkteoretisk kunnskap og fagomgrep
- memorere, utføre og utforske element og verkemiddel i musikk frå ulike sjangrar ved å bruke gehør
- lese notert musikk og notere musikalske forløp frå ulike sjangrar ved å bruke gehør
- planleggje og gjennomføre eit musikkfagleg fordjupingsarbeid og presentere arbeidet i eit passande medium
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i musikk i perspektiv 2. Elevane viser og utviklar kompetanse i faget når dei bruker ferdigheiter i gehør og kunnskap i musikkteori til å utforske, uttrykkje og beskrive verkemiddel og musikalske forløp i ulike sjangrar. Vidare viser og utviklar elevane kompetanse når dei analyserer og reflekterer over musikkbruk i ulike kontekstar, kulturar og tider, og når dei tenkjer kritisk rundt kva musikken betyr for individet og samfunnet. Elevane viser og utviklar òg kompetanse når dei fordjupar seg i musikkfaglege tema.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst ved at elevane får arbeide med musikk innanfor ulike kontekstar og sjangerkulturar, åleine og saman med andre. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i musikalske praksisar, musikkanalyse og gehør i kontekst, og elevane skal få høve til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over si eiga faglege utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å vidareutvikle ferdigheiter i gehør og notasjon og evna til refleksjon over og analyse av rolla, funksjonen og utviklingstrekka til musikken i ulike kulturelle kontekstar og til ulike tider, og til å planleggje og gjennomføre eige fordjupingsarbeid.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har ved avslutninga av opplæringa etter musikk i perspektiv 2. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer forståing, refleksjon og kritisk tenking, i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i musikk i perspektiv 2 basert på kompetansen eleven har vist gjennom å bruke gehør, notasjon og musikkteoretisk kunnskap i musikalsk utforsking, gjennom å reflektere over og analysere rolla, funksjonen og utviklingstrekka til musikken i ulike kulturelle kontekstar og til ulike tider, og gjennom musikkfagleg fordjupingsarbeid.