Medieuttrykk (MOK02‑02)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i medieuttrykk inneber å uttrykkje og vurdere meiningar, idear og kjensler i dialog med andre i tilknyting til produksjonsprosessar og medieprodukt. Det inneber òg å bruke og reflektere over fagterminologi i møte med fagmiljø og når ein presenterer eigne og andres arbeid.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i medieuttrykk inneber å produsere og kommunisere gjennom ulike sjangrar. Vidare inneber det å dokumentere, presentere og vurdere eigne og andres produkt ved hjelp av fagterminologi.
Å kunne lese
Å kunne lese i medieuttrykk inneber å lese og forstå spesifikasjonar, oppdragsbeskrivingar og retningslinjer for å kunne utføre eit arbeid. Vidare inneber det å vurdere kommunikasjon og korleis verkemiddel og forteljarteknikk blir nytta for å få fram ein bodskap.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i medieuttrykk inneber å kunne berekne kostnader og prisar ved produksjon og å forstå ulike verdiar som beskriv form, proporsjonar, volum og dimensjonar i design.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i medieuttrykk inneber å utforske, kommunisere, produsere og publisere medieprodukt og kommunikasjonsverktøy ved hjelp av digitale ressursar. Det inneber å kunne bruke samhandlingsverktøy for å tileigne seg fagleg kunnskap og å uttrykkje eigen kompetanse. Vidare inneber det å vise dømmekraft i val og bruk av digitale ressursar.
