Teater og rørsle (DRA01‑02)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I teater og rørsle handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å forstå samanhengar mellom trening og god helse, både fysisk og psykisk. Det inneber å forstå korleis helse og livsstil kan vere avgjerande i skapande og utøvande arbeid, og om å ta gode livsval som har noko å seie for meistring og oppleving av meining i eige liv.
Demokrati og medborgarskap
I teater og rørsle handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om kommunikative verktøy og om erfaring med å delta i kollektive og demokratiske prosessar. Vidare handlar det om innsikt i at demokrati har ulike former og uttrykk. Det inneber òg å utvikle evna til å uttrykkje eigne meiningar gjennom teatralt formspråk og fysiske utrykk, til å tenkje kritisk og til å respektere ulikskap.