Teater og rørsle (DRA01‑02)
Kompetansemål og vurdering
Forklaring
Kompetansemål etter teater og rørsle 2
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- ,
Å planleggje er å lage ei framdrift for å nå eit mål. Planen beskriv korleis vi har tenkt å gå fram for å oppnå målet, og kan vise samanhengen mellom aktivitetar, gjennomføring og mål.
ogÅ gjennomføre er å setje i verk, utføre og fullføre, for eksempel ei oppgåve, ei undersøking eller eit planlagt arbeid.
eigentrening med varierte rørsleaktivitetar for å styrkje eigne fysiske føresetnader for kreativt arbeid, åleine og i ensembletÅ dokumentere er å vise kva vi har gjort, og gjerne òg korleis og kvifor. Dokumentasjonen kan ha ulik form og vise kvaliteten på ein arbeidsprosess, eit produkt eller ei teneste.
- prøve ut og tilpasse mentale teknikkar for psykisk uthald og som førebuing til framføringssituasjonar ogover eiga oppleving av meistring
Å reflektere er å undersøke og tenkje gjennom ulike sider ved eigne eller andre sine handlingar, haldningar og idear. Vi kan òg reflektere over eit saksforhold, praktiske aktivitetar eller eiga læring. Refleksjon inneber å prøve ut eigne tankar og haldningar for å utvikle betre innsikt og forståing.
- skape og realisere teatrale formspråk og rørsle i abstrakt, konkret og forteljande form
- gi rørsle eit uttrykk og meining i utøvande arbeid og vise scenisk nærvær med medvit
- prøve ut og utfordre sitt eige fysiske potensial og personlege mot i teaterarbeid ogover eige arbeid i kollektive skapande prosessar
Å reflektere er å undersøke og tenkje gjennom ulike sider ved eigne eller andre sine handlingar, haldningar og idear. Vi kan òg reflektere over eit saksforhold, praktiske aktivitetar eller eiga læring. Refleksjon inneber å prøve ut eigne tankar og haldningar for å utvikle betre innsikt og forståing.
- og
Å utforske handlar om å oppleve og eksperimentere og kan ivareta nyfikne og undring. Å utforske kan bety å sanse, søke, oppdage, observere og granske. I nokre tilfelle betyr det å undersøke ulike sider av ei sak gjennom open og kritisk drøfting. Å utforske kan òg bety å teste eller prøve ut og evaluere arbeidsmetodar, produkt eller utstyr.
samanhengar mellom kropp, helse og skapande evnar i det utøvande teaterarbeidetÅ drøfte er å belyse ei sak ved å trekke fram ulike sider av saka, og argumentere både for og imot. Drøftinga kan slutte med ein konklusjon. Å drøfte kan vi gjere sjølvstendig og i dialog med andre. Ordskifte mellom fleire om eit saksforhold kan bety det same som å diskutere.
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i teater og rørsle 2. Elevane viser og utviklar kompetanse i faget når dei utviklar og sjølvstendig bruker eit mangfaldig rørslevokabular gjennom arbeidet med styrke, uthald og fleksibilitet, og når dei vidareutviklar potensialet til kroppen i scenisk formidling. Elevane viser og utviklar òg kompetanse i faget når dei set ord på og reflekterer over si eiga utvikling og samhandling med andre.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst ved at elevane får øve opp fysisk og mental kapasitet på varierte måtar, og ved at dei får trene seg i førebuing til ulike framføringssituasjonar. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i å prøve ut og reflektere over samanhengen mellom fysisk og mental trening og skodespelarrolla, og elevane skal få høve til å prøve seg fram. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle evna til å skape, utøve og uttrykkje seg som utøvande skodespelar og å utvikle sitt eige sceniske nærvær.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har ved avslutninga av opplæringa etter teater og rørsle 2. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer forståing, refleksjon og kritisk tenking, i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i teater og rørsle basert på kompetansen eleven har vist ved å vise forståing av samanhengar mellom å ha god helse og å vere utøvande skodespelar og ved å utforske og reflektere over potensiala og moglegheitene til kroppen for fysiske og sjølvstendige sceniske uttrykk.