Teater og rørsle (DRA01‑02)
Kompetansemål og vurdering
Forklaring
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- og
Å gjennomføre er å setje i verk, utføre og fullføre, for eksempel ei oppgåve, ei undersøking eller eit planlagt arbeid.
eigentrening som utviklar fleksibilitet, styrke og fysisk uthaldÅ dokumentere er å vise kva vi har gjort, og gjerne òg korleis og kvifor. Dokumentasjonen kan ha ulik form og vise kvaliteten på ein arbeidsprosess, eit produkt eller ei teneste.
- mentale teknikkar for psykisk uthald og prestasjonsførebuing
Å utforske handlar om å oppleve og eksperimentere og kan ivareta nyfikne og undring. Å utforske kan bety å sanse, søke, oppdage, observere og granske. I nokre tilfelle betyr det å undersøke ulike sider av ei sak gjennom open og kritisk drøfting. Å utforske kan òg bety å teste eller prøve ut og evaluere arbeidsmetodar, produkt eller utstyr.
- prøve ut ogover oppvarmings-, avspennings-, styrke- og konsentrasjonsøvingar, åleine og saman med andre
Å reflektere er å undersøke og tenkje gjennom ulike sider ved eigne eller andre sine handlingar, haldningar og idear. Vi kan òg reflektere over eit saksforhold, praktiske aktivitetar eller eiga læring. Refleksjon inneber å prøve ut eigne tankar og haldningar for å utvikle betre innsikt og forståing.
- eigne fysiske moglegheiter, utfordre potensialet til kroppen og
Å utforske handlar om å oppleve og eksperimentere og kan ivareta nyfikne og undring. Å utforske kan bety å sanse, søke, oppdage, observere og granske. I nokre tilfelle betyr det å undersøke ulike sider av ei sak gjennom open og kritisk drøfting. Å utforske kan òg bety å teste eller prøve ut og evaluere arbeidsmetodar, produkt eller utstyr.
personleg mot i arbeid med teatrale formspråkÅ utvikle kan vere å designe, skape, modellere eller utforme nye metodar, eit produkt eller ei teneste.
- impuls, aksjon, reaksjon og koordinasjon i skodespelar- og framsyningsarbeid
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- og
Å drøfte er å belyse ei sak ved å trekke fram ulike sider av saka, og argumentere både for og imot. Drøftinga kan slutte med ein konklusjon. Å drøfte kan vi gjere sjølvstendig og i dialog med andre. Ordskifte mellom fleire om eit saksforhold kan bety det same som å diskutere.
over samanhengar mellom det å vere utøvande kunstnar og det å ha god fysisk og psykisk helseÅ reflektere er å undersøke og tenkje gjennom ulike sider ved eigne eller andre sine handlingar, haldningar og idear. Vi kan òg reflektere over eit saksforhold, praktiske aktivitetar eller eiga læring. Refleksjon inneber å prøve ut eigne tankar og haldningar for å utvikle betre innsikt og forståing.
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i teater og rørsle 1. Elevane viser og utviklar kompetanse i faget når dei utviklar eit mangfaldig rørslevokabular gjennom arbeidet med styrke, uthald og fleksibilitet, og ved å bruke potensialet til kroppen i teatrale formspråk. Elevane viser og utviklar òg kompetanse i faget når dei set ord på og reflekterer over si eiga utvikling og samhandling med andre.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst ved at elevane får erfare og trene seg i varierte rørsleaktivitetar og fysiske, teatrale uttrykk. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i å prøve ut og reflektere over samanhengen mellom fysisk aktivitet og skodespelarrolla, og elevane skal få høve til å prøve seg fram. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle evna til å skape, utøve og uttrykkje seg som utøvande skodespelar og til å øve opp fysisk og mental kapasitet for teaterarbeid.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har ved avslutninga av opplæringa etter teater og rørsle 1. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer forståing, refleksjon og kritisk tenking, i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i teater og rørsle basert på kompetansen eleven har vist ved å reflektere over samanhengar mellom å det ha god helse og å vere utøvande skodespelar, ved å utforske eit mangfald av teatrale formspråk og ved å utforske og trene potensialet til kroppen både i skapande og utøvande aktivitetar.