Bunadtilverkarfaget - modulstrukturert opplæring for vaksne (BUN05‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter forretningsdrift og arbeidsliv
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- arbeide etter regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforholdet i faget, og gjere greie for pliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren
- gjere greie for gjeldande lovverk om opphavsrett og marknadsføring og følgje dette i eige arbeid
- bruke formålstenlege arbeidsstillingar og gjere greie for gode arbeidsrutinar i ein produksjon
- anvende og halde ved like maskiner og utstyr og følgje gjeldande regelverk for helse, miljø og sikkerheit i arbeidet på verkstaden
- berekne tid og pris på eigne produkt, og gjere greie for korleis ulike val påverkar tidsbruk og lønnsemd
- lese, bruke og lage rekneark i arbeidet med budsjett, anbod og kostnadsberekning knytt til handverk, design og produktutvikling, og vurdere korleis ulike faktorar påverkar resultatet (Henta frå læreplan i matematikk P)
- undersøkje og vurdere livsløpet til ulike produkt i eit berekraftsperspektiv (Henta frå læreplan i naturfag)
Undervegsvurdering
Undervegsvurderingen skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i modulen forretningsdrift og arbeidsliv når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i modulen forretningsdrift og arbeidsliv. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i modulen. Kompetansemåla i alle modulane skal forståst i lys av teksten om faget.
Lærlingen skal ha ei midtvegsvurdering ved avslutninga av opplæringa i forretningsdrift og arbeidsliv. Midtvegsvurderinga har karakteruttrykket godkjent/ikkje godkjent
