Kortprat er meint å inspirere dykk til å dykke ned i innhald og oppgåver i rammeplanen. Dei fleste korta er direkte knytt til rammeplanen, medan andre kort er tenkt som inspirasjon til samarbeid og felles refleksjon i personalgruppa.
De vel sjølve kva for kort de ønskjer å jobbe med i dykkar barnehage. Vi håper at korta kan støtte forståing og bruk av rammeplanen, og bidra til felles fagleg refleksjon i barnehagen.

Ulike måtar å bruke Kortprat på
- Det kan vere planlagt på førehand kva kort de skal bruke, eller de kan trekkje tilfeldige kort frå bunken.
- Vel ein kortmeister som får ansvaret for å styre tidsbruken, eventuelt velje ut kort, notere refleksjonar og tankar undervegs og stå for oppsummering.
- Det er ingen fasitsvar, men sjå kva rammeplanen seier om det aktuelle temaet.
Refleksjonskort
Formålet med desse korta er at deltakarane skal reflektere over
innhald og oppgåver i rammeplanen.
Sjå alle refleksjonskort
Leik, omsorg, læring og danning skal sjåast i samanheng.På kva måtar er dette synleg i barnehagen vår?
Kva legg vi i ein god barndom, og korleis vernar vi om eigenverdien til barndommen i vår barnehage?
Kva tenkjer du det vil seie at barna utviklar eit positivt forhold til seg sjølve og tru på eigne evner?
Korleis jobbar vi med mangfald som ein ressurs i barnehagen vår?
Korleis kan vi vere gode førebilete for barna når det gjeld å vise empati og nestekjærleik?
Korleis jobbar vi for at barna kan utvikle tillit til seg sjølve og andre?
Korleis jobbar vi for at barna skal våge å vere prøvande og nysgjerrige på omverda??
Korleis kan vi bidra til at barna reflekterer over sine eigne og andre sine kjensler, opplevingar og meiningar? Har vi gjort noko den siste veka som er døme på dette?
Korleis sikrar vi barna sin rett til medverknad?
Korleis legg vi til rette for at barna skal få medverke gjennom dei ulike uttrykksformene sine?
Korleis sikrar vi at foreldra får medverke i barnehagen?
Døme:
Vi merkar at eit barn treng søvn og kvile. Foreldra vil ikkje at barnet skal sove i barnehagen, fordi dei meiner det går utover nattesøvnen. Korleis kan vi møte dette ut frå behovet barnet har for ro og kvile?
Døme:
Eit barn deltek sjeldan i leiken med dei andre barna, og foreldra er bekymra.
Kva ønske eller innspel kan komme frå foreldre i ein slik situasjon?
Korleis kan vi saman med foreldra vareta trivselen og utviklinga til barnet?
Korleis samarbeider vi med foreldra for å leggje til rette for at kvart barn kan få ein trygg og god start i barnehagen?
Korleis legg vi til rette for å gi barna eit godt grunnlag og god motivasjon for å begynne på skulen?
Korleis tilpassar vi det allmennpedagogiske tilbodet hos oss når vi har barn med behov for ekstra støtte?
På kva måte jobbar vi for å sjå fagområda til barnehagen i samanheng?
Korleis kan vi arbeide med fagområda til barnehagen slik at det blir opplevd som ein meiningsfull og morosam del av kvardagen til barna?
På kva måte jobbar vi for å gi barna like moglegheiter og for å fremje likestilling?
På kva måte arbeider vi for å motverke diskriminering, fordommar, stereotypiar og rasisme?
Korleis bruker vi matematiske omgrep i kvardagen?
Korleis bidreg vi til at barna får kunnskap om dyr og dyreliv?
Korleis jobbar vi for å gjere barna kjende med samisk kultur og levesett?
Rammeplanen seier at personalet skal utvide og byggje vidare på interessene til barna og gi dei varierte erfaringar og opplevingar.
Kvifor er dette viktig?
Korleis tek vi utgangspunkt i barna sine erfaringar, interesser, synspunkt og initiativ ved val og gjennomføring av tema og prosjekt?
Korleis kan vi planleggje og leggje til rette for progresjon i innhaldet i barnehagen for alle barna i barnehagen vår?
Samiske barnehagar
Samiske barnehagar skal bidra til å ta vare på og vidareutvikle den samiske kulturarven og synleggjere samisk språk, kultur, levemåtar og verdiar i vår tid. Kva har vi gjort den siste tida for å gjere dette?
Korleis bidreg vi til at barna kan utvikle respekt og fellesskapskjensle for heile det samiske mangfaldet?
Andre barnehagar med samiske barn
Korleis bidreg vi til at samiske barn i barnehagen vår får støtte til å ta vare på og utvikle språket sitt, kunnskapen sin og kulturen sin?
Aktivitetskort
Desse korta oppmodar deltakarane til å jobbe med innhald frå rammeplanen gjennom forslag til varierte oppgåver og øvingar.
Sjå alle aktivitetskort
Døme:
Ein forelder har fortalt at dei har komme i ein vanskeleg situasjon, og at barnet deira vil trenge noko ekstra omsorg framover.Korleis vil de samarbeide med heimen for å følgje opp dette? Drøft to og to, og del forslaget dykkar i plenum.
Korleis kan vi leggje til rette for at barna kan lære om ulike kulturar, deriblant samisk kultur?
Bruk to minutt på å tenkje individuelt. Gå deretter saman i par og del tankane dykkar.
Døme:
Ein gut liker å gå i kjole. Det er ulike syn på dette både internt i personalgruppa og blant foreldra.Set dykk inn i ulike perspektiv og presenter dei for kvarandre.
Døme:
«Ikkje sant at Jesus lever?» seier eit barn. Ein annan seier: «Nehei, det gjer han ikkje, det seier mormor.»
Korleis ville de svart desse barna, og kvifor ville de svart slik? Gå i grupper og diskuter (eller spel ut) scenarioet.
Ifølgje rammeplanen skal barnehagen bidra til at barna kan forstå at handlingar i dag har konsekvensar for framtida.
Kva gjer vi i barnehagen vår som er berekraftig? Skriv ned minst tre ting kvar og lag ein felles plakat.
Kva er typiske teikn på humor og glede i barnegruppa vår?
Gå på «humorjakt» og leit etter kvart barn si oppleving av glede og humor! Del funna dine i neste møte.
Del erfaringar frå situasjonar der behova til eitt barn har stått i konflikt med behova til andre.
Korleis kan vi hjelpe barna med å meistre denne balansen?
Peik ut tre ting i barnehagen som bidreg til eit stimulerande miljø som støttar opp om lysta barna har til å leike, utforske, lære og meistre.
Diskuter: Kan vi forbetre oss på nokon måte?
Del dykk inn i grupper og kom med forslag til korleis barna kan få bruke heile kroppen og alle sansar i læringsprosessane sine.
Gå på jakt etter gode augeblikk og situasjonar der kollegaer ser dei ulike uttrykksformene til barna og legg til rette for at barna skal få medverknad.
Noter gjerne stikkord eller skriv ei praksisforteljing og del i neste møte.
Kva erfaringar, kunnskapar og ferdigheiter gir eit godt grunnlag og god motivasjon for å begynne på SFO og skulen?
Lag ein «post-it-plakat» av lappar med tankar om dette! Alle skriv nokre lappar kvar.
Fortel om ein gong du hadde ansvaret for å leggje til rette for ein trygg og god start for eit barn.
Kva fungerte bra? Del med ein kollega.
Lag ei ordsky eller eit tankekart av det vi gjer som barna opplever som morosamt.
Del dykk opp i grupper. Skriv ned forslag til aktivitetar der barna kan utforske, leike, lære og skape noko sjølve gjennom digitale uttrykksformer.
Gå gjennom forslaga i fellesskap og stem fram dei beste. Korleis kan vi få til desse aktivitetane i tida framover?
Gå rundt på avdelinga eller i barnehagen, og vel dykk eit rom.
Korleis er det lagt til rette for at barna skal ha tilgang til utstyr og materiale? Støttar rommet opp om dei leikande og estetiske uttrykksformene til barna?
Bruk nokre minutt på å lage (eller planleggje) ei hinderløype med ting frå avdelinga. Løypa skal vere avansert nok til at barna kan utfordrast fysisk, men samstundes enkel nok til at dei kan oppleve meistring.
Skriv ned tre idear til korleis du kan bidra til at barna tileignar seg gode vanar, haldningar og kunnskapar om kost, hygiene, aktivitet og kvile.
Drøft to og to.
Skriv ned forslag til nye aktivitetar vi kan gjere ute i naturen for at barna kan få eit mangfald av naturopplevingar og oppleve naturen som ein arena for leik og læring.
Korleis tek vi utgangspunkt i erfaringane og interessene til barna her?
Finn fram eit stort ark. Skriv «eventyr og forteljingar» i midten.
Kor mange kjenner vi til? Skriv ned.
Korleis møter barna desse hos oss?
Jokerkort
Desse korta beskriv ulike aktivitetar og øvingar som kan bidra til å styrkje samhald, teamarbeid, arbeidsmiljø og bedriftskultur.
Sjå alle jokerkort
Sei 1–3 ting som personen til venstre for deg har bidrege med til fellesskapet i barnehagen vår.
Beskriv dei beste eigenskapane til personen som sit til høgre for deg. Her kan de teikne, mime eller bruke andre uttrykksformer viss de vil.
Kvifor valde du å jobbe i barnehage, og kva motiverer deg i jobben? Del med dei andre.
Alle som jobbar i barnehage, er viktige vaksne i livet til barna.
Korleis er det synleg i personalgruppa vår eller teamet vårt?
Kva er det beste med avdelinga eller gruppa du jobbar på, og kvifor?
Kva er du mest stolt over at vi får til i barnehagen vår, og kvifor?
Andre versjonar av Kortprat
Ønskjer de fleire eksemplar av Kortprat?
Alle barnehagar har fått tilsendt eitt eksemplar av Kortprat. Vi sender dykk gjerne fleire eksemplar dersom de har behov for det!