Læreplan i rørleggjarfaget Vg3 / opplæring i bedrift (RLF3-01)

Hovudområde

Sanitæranlegg

Hovudområdet handlar om utvendige og innvendige vass- og avløpsleidningar og sanitærutstyr. Det omfattar også tettleiks- og trykkprøving og montering og rehabilitering av sanitæranlegg. Vidare omfattar det teikning av sanitæranlegg og leidningsnett og utrekning av fall i avløp. I tillegg inngår ulike skøytemetodar for rørleidningar med ulike materiale.

Vassborne energianlegg

Hovudområdet handlar om teikning, dimensjonering, montering og igangsetjing av enkle vassborne varmeanlegg og varmepumpeanlegg. Det omfattar også ulike sveisemetodar og metodar for bøying av rør og bruk av digitale verktøy til varmeutrekningar.

Sprinklaranlegg

Hovudområdet handlar om oppbygging og montering av vassborne sprinklaranlegg i bustader. Val av materiale og utstyr høyrer også med.

Energigassanlegg

Hovudområdet handlar om oppbygging, verkemåte og montering av energigassanlegg i bustader. Det omfattar også dimensjonering og materialuttak til energigassanlegg og eigenskapar til ulike energigassar.

Bransjelære

Hovudområdet handlar om organisering, kundebehandling og yrkesetikk. I hovudområdet inngår gjeldande regelverk om helse, miljø og tryggleik. Val og bruk av materiale, verktøy, metodar og utstyr høyrer også med.

Side 3 Av 7

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!