Samarbeid mellom SFO og helse- og omsorgssektoren

Kommunen skal sørgje for at SFO ved behov blir inkludert i samarbeid med relevante verksemder og tenester, som mellom anna helsestasjons og skolehelsetenesta, fastlegen, den pedagogisk-psykologiske tenesta og barnevernet.

Rammeplan for SFO

SFO er ein viktig arena for inkludering, meistring og tilhøyrsel for barn med behov for særskild tilrettelegging. For at desse barna skal kunna få eit heilskapleg og koordinert tilbod er det nødvendig med tverrsektorielt samarbeid mellom helse- og omsorgstenesta og barnehage, skule og SFO.

Skolen har plikt til å samarbeide med relevante kommunale tenester om vurdering og oppfølging av barn og unge med helsemessige, personlege, sosiale eller emosjonelle problem.

Skoleeigaren er ansvarleg for å leggje til rette for at SFO samarbeider med aktuelle instansar i helse- og omsorgssektoren slik at barn med behov for særskild tilrettelegging i SFO får eit best mogleg tilpassa tilbod. Det er viktig at personalet i SFO får informasjon om kva det enkelte barnet har behov for, slik at dei kan leggje til rette tilbodet på best mogleg måte. Skoleeigaren kan sikre dette ved å inkludere SFO i møte og sørgje for at dei får informasjon og rettleiing, og at dei får medverke.

Kommunen har plikt til å leggje til rette for samarbeid mellom ulike tenester i kommunen og med andre tenesteytarar der dette er nødvendig.

Individuelle vurderingar

Dei helse- og omsorgstenestene barnet får, blir gitt ut frå individuelle vurderingar. Det er viktig at desse vurderingane er heilskaplege.

Kommunen står relativt fritt til å utforme eit tenestetilbod som dekkjer det behovet barnet har for nødvendige og forsvarlege tenester. Barnet har likevel rett til å medverke i valet mellom ulike tenester og tiltak, og kommunen skal så langt som mogleg utforme tenestetilbodet i samarbeid med barnet. Ved utforming av tenester skal det leggjast stor vekt på kva barnet meiner. Korleis barnet medverkar, skal tilpassast evna barnet har til å gi og få informasjon.

Det beste for barnet skal vere eit grunnleggjande omsyn, også når det gjeld samarbeid mellom SFO og helse- og omsorgstenesta. Behovet for helse- og omsorgstenester i SFO må vurderast individuelt i samarbeid med det aktuelle barnet og foreldra. Skoleeigaren må, saman med foreldra og helse- og omsorgstenesta, gjere ei konkret vurdering av kva helsetenester som passar til kvar tid i skolen og SFO.

Alle barn skal bli høyrde i alle saker som vedkjem dei. Skoleeigaren og skoleleiinga har ansvar for å leggje til rette for at tilsette i SFO sikrar at barn får medverke. Medverknad er ein prosess som krev kontinuerleg og planlagd involvering av det enkelte barnet.

Teieplikt

Det kan vere nødvendig å dele informasjon mellom den kommunale helse- og omsorgstenesta og SFO. Helsepersonell har teieplikt, noko som i utgangspunktet er til hinder for å dele informasjon. Det er likevel enkelte unntak frå teieplikta som kan ha betydning for samarbeidet med SFO. Helsepersonell kan dele informasjon når tenestemottakaren samtykkjer til det. Foreldre kan samtykkje på vegner av barna sine. Tenesteytarar kan òg dele opplysningar med ein som er kjend med opplysningane frå før, eller når ingen omsyn tilseier hemmeleghald.

Tenester og tiltak innanfor helse- og omsorgssektoren

Uavhengig av organisering vil eit breitt spekter av kommunale tenester og spesialisthelsetenesta vere sentrale i oppfølginga av barn og unge med behov for særskild tilrettelegging.

Nedanfor finn de informasjon om ulike helse- og omsorgstenester som kan vere aktuelle for enkelte barn i SFO. Denne lista er ikkje uttømmande, og det vil variere kva det enkelte barnet har behov for.

Med helse- og omsorgssektoren meiner vi kommunale helse- og omsorgstenester og spesialisthelsetenester.

Kommunens ansvar for helse- og omsorgstenester

Kommunen skal gi eit forsvarleg, heilskapleg og koordinert tilbod. Kommunen har ansvar for utbygging, utforming og organisering av eit forsvarleg tenestetilbod i samsvar med dei behova den enkelte har.

Helsestasjons- og skulehelsetenesta

Helsestasjons- og skulehelsetenesta skal bidra til å skape ein helsefremjande skule gjennom tiltak som fremjar eit godt lærings- og arbeidsmiljø med omsyn til helse, trivsel og sikkerheit. Tiltaka gjeld heile skulemiljøet, både det fysiske og det psykososiale, innandørs og utandørs.

Tilbodet helsestasjons- og skulehelsetenesta har til barn og ungdom, skal mellom anna omfatte

  • helsefremjande og førebyggjande psykososialt arbeid
  • samarbeid med skulen om tiltak som fremjar eit godt psykososialt og fysisk lærings- og arbeidsmiljø
  • opplysning, bistand og undervisning i gruppe, klasse og på foreldremøte i den grad skulen ønskjer det
  • bidrag til at det blir etablert rutinar for handtering av legemiddel i barnehagar, skular og SFO

Tilbodet skal vere likeverdig og tilpassa etter dei føresetnadene og behova kvar enkelt har.

Nasjonal faglig retningslinje for helsestasjons- og skolehelsetjenesten

Skuleeigaren bør leggje til rette for at skulen og SFO har system for samarbeid med skulehelsetenesta. Skulen og SFO bør til dømes ha jamlege møte og felles samarbeidsrutinar med skulehelsetenesta.

Ergoterapi- og fysioterapitenesta

Ergoterapi- og fysioterapitenesta er viktige tenester for tilrettelegging, formidling av hjelpemiddel og rettleiing av personalet, barnet og foreldra. Tenestene skal fremje helse, førebyggje skade, undersøkje og behandle funksjonssvikt, og samarbeide med andre aktørar. Behova, ressursane og måla til barnet skal vere utgangspunktet for tiltak og tenester. Tenestene må tilpasse bidraga sine ut frå kva pasient og brukar definerer som sine mål og si oppleving av heilskap og samanheng. Dette stiller krav til individuell tilnærming og høg grad av pasient- og brukarmedverknad.

SFO bør ha eit system for å samarbeide med ergoterapi- og fysioterapitenesta i dei situasjonane der det er aktuelt. Ergoterapi- og fysioterapitenesta kan gi rettleiing og tilrettelegging i SFO, til dømes om bruk av hjelpemiddel.

Individuell plan, koordinator og koordinerande eining

Individuell plan

Pasientar og brukarar med behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester har rett til å få utarbeidd ein individuell plan (IP).

IP er eit verktøy og ein metode for samarbeid mellom tenestemottakar og tenesteapparatet. IP er ein plan som samordnar tenester og verkemiddel frå fleire tenesteleverandørar frå start til eit mål, og det skal berre vere éin IP. Individuell plan, som er eit felles verktøy på tvers av fagområde, nivå og sektorar, erstattar ikkje behovet for detaljerte delplanar. Mellom anna kan ein individuell opplæringsplan (IOP), behandlingsplanar og treningsprogram inngå som delar av den individuelle planen.

Ein individuell plan med tydelege målformuleringar, konkrete tiltak, evalueringspunkt og koordinering er viktig for at barna skal få eit heilskapleg og godt tilbod. For å sikre ei heilskapleg oppfølging er det òg viktig å inkludere familieperspektivet.

I tilfelle der det er nødvendig for å vareta barnet sitt behov for eit heilskapleg, koordinert og individuelt tilpassa hjelpetilbod, har skulen og SFO ei plikt til å delta i arbeidet med individuell plan.

Den individuelle planen skal gjerast kjend for alle som samarbeider om barnet, og alle skal ta sitt ansvar i arbeidet med IP. Det gjeld òg personalet i SFO.

Koordinator

Pasientar og brukarar med behov for langvarige og koordinerte tenester skal få tilbod om ein koordinator. Koordinatoren skal sikre nødvendig oppfølging og samordning av tenestetilbodet, og framdrift i arbeidet med ein individuell plan. Kommunen utnemner ein koordinator i samband med individuell plan, men brukaren skal òg få tilbod om ein koordinator sjølv om hen takkar nei til individuell plan. Formålet med ein koordinator er å samordne tenester og verkemiddel frå fleire tenesteleverandørar.

Koordinatoren skal sikre samarbeidet mellom aktørane i helse- og omsorgstenesta og SFO. SFO kan til dømes vere ansvarleg for eit eller fleire tiltak i den individuelle planen, og tilsette i SFO kan vere med på tverrfaglege møte om tiltak og tenester rundt barnet.

Koordinerande eining

Det skal finnast ein koordinerande eining for habiliterings- og rehabiliteringsverksemda i kommunen.

Den koordinerande eininga skal ha det overordna ansvaret for individuelle planar og for å utnemne, lære opp og rettleie koordinatorar. Eininga bør vere eit sentralt kontaktpunkt og ein pådrivar for samhandlinga mellom sektorane.

Den koordinerande eininga i kommunen skal bidra til heilskaplege tilbod til pasientar og brukarar med behov for tenester frå fleire fagområde, nivå og sektorar.

Den koordinerande eininga skal vere synleg og tilgjengeleg også for personalet i SFO. Det er viktig at skuleeigaren og SFO har god kunnskap om koordinerande eining og korleis ho jobbar. Personalet i SFO kan melde frå til den koordinerande eininga om behov for individuell plan og koordinator.

Brukarstyrt personleg assistent

Personar med langvarige og store behov for personleg assistanse har på visse vilkår rett til å få organisert tenesta som brukarstyrt personleg assistent (BPA). Tenester som kan organiserast som BPA, omfattar personleg assistanse, inkludert praktisk bistand og opplæring, støttekontakt og avlasting.

BPA kan brukast på den arenaen brukaren ønskjer det. Brukaren eller ein nærståande har rolla som arbeidsleiar og styrer kva oppgåver assistentane skal utføre, og kvar og når hjelpa skal givast.

For barn på SFO er det som regel foreldra som er arbeidsleiar for BPA. Barnet og foreldra kan velje å nytte denne ordninga i SFO-tida dersom dei ønskjer det. I desse tilfella er det viktig å understreke at ein BPA ikkje skal vere ei erstatning for ein assistent eller for tilrettelegging i SFO. Ein BPA er berre assistanse for barnet som har fått tildelt tenesta.

Avlastingstiltak

Pårørande og andre som har eit særleg tyngjande omsorgsarbeid, har rett til nødvendig pårørandestøtte. Støtta kan tilbydast i form av avlasting. Avlasting kan givast i nokre timar, på enkelte dagar eller som eit lengre, døgnbasert tiltak.

Når eit barn har svært alvorlege funksjonsnedsetjingar eller av andre årsaker har eit omfattande omsorgs- eller oppfølgingsbehov, kan det vere behov for eit bu- og omsorgstiltak. Dersom barnet må ha eigen fast bustad, er det aktuelt med barnebustad. Avlastinga kan òg gå for seg i ein avlastingsbustad som kommunen regelmessig bruker.

SFO må samarbeide med tilsette i barnebustad og avlastingsbustad om til dømes hjelpemiddel, legemiddel og skulekøyring. Når eit barn bur i barnebustad eller avlastingsbustad, må SFO dele den same informasjonen om SFO-kvardagen med dei tilsette i bustaden som dei deler med heimen til barnet.

Lærings- og mestringstilbod

Helseføretak og kommunar skal sikre tilbod som bidreg til læring og meistring. Lærings- og meistringstilbod er viktige element i forløp for barn, unge og vaksne med kroniske sjukdommar og nedsett funksjonsevne. Læring og meistring er sentralt innanfor habilitering og rehabilitering.

Lærings- og mestringstilbod i kommunane omfattar alt frå individuell pasient- og pårørandeopplæring til gruppetilbod og kan tilbydast av kommunale helsetenester og frivillige organisasjonar.

Frisklivssentralar er ei helsefremjande og førebyggjande helseteneste som er ein del av dei kommunale lærings- og meistringstilboda. Ein frisklivssentral kan vere ein viktig samarbeidspartnar for barn, unge og familiar som har behov for hjelp til å vere fysisk og sosialt aktive, endre levevanar og meistre helseutfordringar.

Skule og SFO bør få felles rettleiing om tilrettelegging og ha ein god dialog med dei tenestene som er involverte i oppfølging. Lærings- og meistringstilbod kan òg bidra til kompetanseheving i skule og SFO mellom anna når det gjeld tilrettelegging for meistring og sunne levevanar i skule- og SFO-tida.

Velferdsteknologi

Velferdsteknologi er teknologisk assistanse som bidreg til auka tryggleik, sikkerheit, sosial deltaking, mobilitet og fysisk og kulturell aktivitet. Det er teknologi som set den enkelte betre i stand til å klare seg sjølv i kvardagen trass i sjukdom og sosial, psykisk eller fysisk nedsett funksjonsevne.

Velferdsteknologi kan òg fungere som teknologisk støtte til pårørande og elles bidra til betre ressursutnytting og til at tenestetilbodet blir betre og meir tilgjengeleg. Helsedirektoratet tilrår at kommunane tilbyr velferdsteknologi i tenester til barn og unge med funksjonsnedsetjingar for å fremje mestring i eige liv og deltaking med andre.

SFO må ha kunnskap om og få opplæring i den teknologien som barn i SFO nyttar seg av, slik at barna kan vere ein del av fellesskapet.

Spesialisthelsetenestetilbodet til barn og unge

Spesialisthelsetenesta har tilsvarande ansvar for å yte nødvendige spesialisthelsetenester som kommunen har for andre helse- og omsorgstenester. Spesialisthelsetenesta står fritt til å organisere tenestetilbodet ut frå lokale føresetnader og behov.

Nedanfor finn de ei oversikt over nokre aktuelle tenester under spesialhelsetenesta. Dette er ikkje ei uttømmande liste.

Habiliteringstenesta for barn og unge

Habiliteringstenesta for barn og unge (HABU) er knytt til helseføretaka og skal yte tenester som krev særskild kompetanse. Dei jobbar til dømes med barn som har autismespekterforstyrringar og psykisk utviklingshemming, og som har åtferd som utfordrar. Tenesta har ansvar for å gi tverrfaglege spesialisthelsetenester til barn og unge med funksjonsnedsetjing.

Utanfor sjukehusa tilbyr HABU såkalla ambulante tenester. Ambulante tenester kan omfatte rettleiing, behandling, initiering og bistand ved miljøtiltak, åtferdspsykologiske behandlingsopplegg og eventuell oppfølging av medisinsk behandling i heimen.

Gjennom ambulante tenester møter helsepersonell pasientane og brukarane der dei er. Helsepersonell etablerer kontakt på pasienten sine premissar og vil ofte dekkje ulike behov på tvers av fag og sektorar.

Ambulante tenester bør skje i tett dialog med kommunale tenester. Arbeidsforma er godt eigna til å kombinere med rettleiing som er tett knytt den daglege livsarenaen til pasient og brukar, og til å styrkje det tverrfaglege samarbeidet mellom nivåa.

Tilsette i SFO bør inkluderast i teamet rundt eit barn som får rettleiing frå spesialisthelsetenesta i SFO-tida. Rettleiinga kan mellom anna omfatte den daglege arenaen barnet har på SFO, tilpassingar og tilrettelegging, og medisinsk oppfølging.

SFO kan oppleve å få besøk av helsepersonell for ambulante tenester, sidan dei møter barna der dei er.

Psykisk helsevern for barn og unge

Psykisk helsevern for barn og unge (PHBU) tilbyr spesialisert helsehjelp for barn og unge ved psykiske lidingar og rusproblem.

PHBU handlar i hovudsak om poliklinisk aktivitet (BUP), men også ambulant behandling og dag- og døgnbehandling inngår i tilbodet.

Utgreiing og behandling må ofte fokusere på tilrettelegging for barnet i familie, barnehage, skule, SFO og fritid. PHBU legg vekt på god dialog med foreldre. Ofte er det òg nødvendig å samarbeide med andre tenester for barn og unge i kommunen, som den pedagogisk-psykologiske tenesta, helse- og omsorgstenesta, fastlegar og barneverntenesta.

SFO bør få rettleiing frå PHBU saman med skulen, eller i det minste vere godt orientert om barna som er ein del av denne tenesta. Det er ikkje sannsynleg at barna vil få behandling i SFO-tida.

Aktuelle nasjonale kompetansetjenester

Nasjonale kompetansetenester skal mellom anna byggje opp og formidle kompetanse. Ei viktig oppgåve er å gi rettleiing til og spreie kunnskap og kompetanse til helse- og omsorgstenesta, andre tenesteytarar og brukarar. Fleire av dei nasjonale tenestene gir òg tilbod til fagpersonar i utdanningssektoren i form av informasjon, kurs og rettleiing.

Skuleeigarar bør inkludere personalet i SFO når dei søkjer om kurs- og rettleiingstilbod hos nasjonale kompetansetenester til barn som nyttar seg av SFO. Ein må søkje om kurs og rettleiing gjennom helsetenesta.

 

Denne teksten har vi skreve i samarbeid med Helsedirektoratet. Teksten baserer seg på følgjande regelverk:

  • Rammeplan for SFO
  • Opplæringslova
  • Helse- og omsorgstenestelova
  • Spesialisthelsetenestelova
  • Psykisk helsevernslova
  • Pasient- og brukerrettighetslova
  • Forskrift om habilitering, rehabilitering, individuell plan og koordinator
  • Forskrift om helsestasjon- og skulehelsetenesta