Sysselsetjing av fagutdanna

Fleire fagarbeidarar er i jobb eitt år etter fagprøva

Hovudfunn

  • I alt var nesten 83 prosent av dei nyutdanna i jobb eitt år etter fag- eller sveineprøva, det er ei auke på 2 prosentpoeng frå i fjor.
  • Blant lærlingane var om lag 77 prosent i jobb, mens prosentdelen er høgare for praksiskandidatane med 96 prosent.
  • Bygg- og anleggsteknikk har høgast del nyutdanna i jobb.
  • Blant fylka er det Innlandet, Trøndelag og Nordland som har høgast sysselsetjingsgrad blant dei nyutdanna.

Høg sysselsetjingsgrad for praksiskandidatar

Nær 83 prosent av dei som bestod fag- eller sveineprøva i 2021 og 2022, var i arbeid i november året etter. Ein kan ta fag- eller sveineprøve som lærling, praksiskandidat og elev. Sysselsetjingsdelen varierer mellom desse gruppene. Av dei som fekk fag- eller sveinebrev som lærling, var 77 prosent i arbeid året etter, medan 18 prosent var i utdanning.

Nesten alle praksiskandidatar var i arbeid første året etter fagprøva. Dette er personar som har tilstrekkeleg arbeidserfaring til å gå opp til fagprøve utan læretid. Av elevane som har fullført fagopplæring i skule, var 65 prosent i arbeid året etter. Fagopplæring i skule er eit tilbod til søkjarar som ikkje får læreplass, der elevane får opplæring i faget ved skulen i staden for i bedrift. 16 prosent dei som tok fagopplæring i skule, var utanfor arbeid og utdanning første år etter fagprøva. Dette er ein nedgang frå tidlegare årskull.

Sysselsetjingsstatus for fagutdanna første år etter oppnådd fag- eller sveinebrev, 2021 og 2022

Bygg- og anleggsteknikk har høgast del i arbeid

Sysselsetjingsstatus for nyutdanna fagarbeidarar varierer mellom utdanningsprogramma. Bygg- og anleggsteknikk hadde høgast sysselsetjingsgrad, med 89 prosent. Tilsvarande del i design og handverk er 74 prosent.

Det er òg forskjellar i delen som verken er i arbeid eller utdanning. I restaurant- og matfag var 7 prosent verken i utdanning eller arbeid eit år etter fagprøva, medan tilsvarande tal for helse- og oppvekstfag berre var 4 prosent. Sysselsetjingsdelen varierer også internt i utdanningsprogramma. Nesten alle, 94 prosent, som tek sjømatproduksjon er i jobb etter eit år, medan 71 prosent av dei som tek konditorfaget er i jobb etter eit år.

Sysselsetjingsstatus for fagutdanna første år etter oppnådd fag- eller sveinebrev, 2021 og 2022

Innlandet, Trøndelag og Nordland har flest nyutdanna fagarbeidarar i jobb

Delen nyutdanna fagarbeidarar i jobb varierer frå 85 prosent i Innlandet, Trøndelag og Nordland, til 78 prosent i Møre og Romsdal.

Mange av fylka med lågast del i arbeid, har dei høgaste delane som er i utdanning. Dei har altså ikkje nødvendigvis høge delar som står utanfor arbeid og utdanning. Møre- og Romsdal, med lågast del fagarbeidarar i arbeid, har til dømes høgast del som held fram i utdanning.

Det er forskjellar mellom fylka i delen som er utanfor både arbeid og utdanning. I Oslo og Agder er høvesvis 7 og 6 prosent av fagarbeidarane utanfor utdanning og arbeid, mens tilsvarande del er 4 prosent i Nordland, Trøndelag og Innlandet.

Sysselsetjingsstatus for fagutdanna første år etter oppnådd fag- eller sveinebrev, 2021 og 2022

Stabil utvikling i sysselsetjing det siste året

Utviklinga i sysselsetjinga blant dei nyutdanna fagarbeidarane speglar den generelle sysselsetjingsutviklinga i økonomien. I 2020 var det stor uvisse i arbeidsmarknaden som følgje av koronapandemien, noko som gjorde det vanskelegare for nyutdanna fagarbeidarar å få jobb.

Fleire fortsette med utdanning eller var både utanfor arbeid eller utdanning. Økonomien og sysselsetjinga fortsette å betre seg i 2022 og fleire nyutdanna fagarbeidarar fekk jobb. Nokre fortsette òg med utdanning. I 2022 var det færre utanfor både arbeid og utdanning som følgje av at fleire var i jobb.

Frå årskulla 2015 og 2016 til årskulla 2021 og 2022 har det vore ein auke i talet på nyutdanna fagarbeidarar i arbeid etter eitt år på om lag 7 800 personar. Delen nyutdanna som er i arbeid har likevel ikkje auka med meir enn rundt tre prosentpoeng i same periode.

Ulike vegar til yrkeskompetanse

Fag- og sveinebrev kan oppnåast som:

  • Lærling: Lærlingane har vore gjennom læretid i ei bedrift eller verksemd.
  • Praksiskandidat: Praksiskandidatane er personar som har tilstrekkeleg arbeidserfaring til å gå opp til fag- eller sveineprøve utan føregåande læretid.
  • Fagopplæring i skule: Elevar i fagopplæring i skole er ungdom som av ulike grunnar ikkje har fått læreplass, og som dermed får fagopplæring i skule. Desse elevane får opplæring i faget ved skulen i staden for i bedrift.
  • Fagbrev på jobb er ei ordning for vaksne som er i eit arbeidsforhold. Ordninga gir moglegheit til å få fag- eller sveinebrev på grunnlag av allsidig praksis, realkompetansevurdering og opplæring kombinert med rettleia praksis i vanleg arbeid. Kandidatar som har følgt denne ordninga er ikkje inkludert i denne statistikken over sysselsetjing av fagutdanna.

Kompetansebevis

Ein lærekandidat inngår ein opplæringskontrakt med ei lærebedrift og går opp til ei kompetanseprøve med sikte på kompetansebevis. Eit kompetansebevis er mindre omfattande enn eit fag- eller sveinebrev.

Yrkeskompetanse utan fag- eller sveinebrev

Nokre fagområde gir yrkeskompetanse utan at elevane skal ta fag- eller sveineprøve. Elevar som tar slike fag har tre år opplæring i skule, ofte med innlagde praksisperiodar. Elevar som fullfører desse løpa får vitnemål med yrkeskompetanse. Eksempel på slike fag er apotekteknikk, helsesekretær og landbruk.

Delen fagutdanna i arbeid første år etter fag- eller sveineprøva

1 av 3 som har fullført yrkeskompetansefag held fram med utdanning

Nærare 3 900 elevar fekk vitnemål med yrkeskompetanse i 2021 og 2022. Over halvparten, 65 prosent, av desse elevane gjekk på helse- og oppvekstfag.
Av elevane som fekk vitnemål med yrkeskompetanse, er 57 prosent i arbeid første året etter dei er ferdige med utdanninga. 31 prosent er framleis i utdanning, medan 12 prosent verken er i arbeid eller utdanning. Delen som går ut i arbeid, er høgare enn delen frå åra før pandemien.

6 av 10 av dei nyutdanna lærekandidatane er i jobb

Av dei 1 200 lærekandidatane som fekk kompetansebevis i 2021 og 2022, er 61 prosent i arbeid året etter. Dette er 3 prosentpoeng meir enn kulla 2020 og 2021, noko som isolert sett betyr at auken kjem frå 2022. 8 prosent er framleis i utdanning, mens 31 prosent verken er i arbeid eller utdanning.

Om statistikken

Statistikken tar utgangspunkt i to kull nyutdanna fagarbeidarar slått saman, og viser om dei er i arbeid, utdanning eller utanfor arbeid og utdanning per november første år og tredje år etter at dei oppnådde sluttkompetansen sin. Kulla blir slått saman for å omfatte eit stort nok tal personar til å kunne vise tal fordelte på lærefag.

Årskull 2021og 2022 består av 2020–21-kullet og 2021–22-kullet. Det vil seie dei som bestod fag- eller sveineprøva mellom 1. oktober 2020 og 30. september 2021, og dei som bestod prøva mellom 1. oktober 2021 og 30. september 2022.
I tillegg blir det vist tal for dei som oppnår vitnemål med yrkeskompetanse (yrkeskompetansefag) og tal for lærekandidatar som oppnår kompetansebevis i same periode.

Kjelde

Tala er produsert av Statistisk sentralbyrå (SSB). SSB koplar data om fag- og sveineprøver og vitnemål med yrkeskompetanse med informasjon frå utdanningsregistera deira og A-ordninga.