Unge i oppfølgingstenesta 2025

Dobbelt så mange unge i oppfølgingstenesta etter lovendring

31 800 unge var registrert i oppfølgingstenesta i juni 2025. Det var over dobbelt så mange som i juni 2024. Auken skuldast at målgruppa til oppfølgingstenesta er utvida i ny opplæringslov.  

Hovudfunn

  • Det var nesten 16 400 fleire unge i OT samanlikna med 2024, noko som i hovudsak skuldast endringa i aldersgruppa.
  • Nær halvparten av dei unge i OT hadde ikkje søkt skole- eller læreplass.
  • OT har ikkje fått kontakt med éin av fire unge som stod utanfor vidaregåande opplæring eller arbeid.
  • To av fem unge i OT kjem i aktivitet.
  • Nær tre av fem unge utanfor skole og arbeid var gutar.

Endringar i opplæringslova førte til fleire i OT

Oppfølgingstenesta (OT) følgjer opp unge i alderen 16–24 år som verken går på skole, er i lære eller jobbar, og skal formidle tilbod om opplæring, arbeid eller kompetansefremmande tiltak. I juni 2025 var det 31 800 unge i alderen 16–24 år som var utanfor vidaregåande opplæring eller jobb. Av desse var 17 100 unge i alderen 21–24 år, som tidlegare stod utanfor målgruppa til OT. I juni 2025 var det, samanlikna med juni 2024, færre unge på 16–18 år som stod utanfor opplæring, mens det var fleire på 19 og 20 år. Dette kan ha samanheng med at dei yngre i større grad vel å halde fram i vidaregåande opplæring, fordi dei ikkje lenger er like redde for å bruke opp opplæringsretten sin.

I juni 2025 var 5,3 prosent av unge i alderen 16–24 år registrerte i oppfølgingstenesta. I juni 2024 utgjorde unge i oppfølgingstenesta mellom 16–20 år 4,7 prosent av alle unge i denne aldersgruppa i Noreg. Målgruppa for oppfølgingstenesta på dette tidspunktet var unge mellom 16–21 år. 

Nær halvparten har ikkje søkt om skole- eller læreplass

Nesten halvparten av unge, 45 prosent, var kontakta av oppfølgingstenesta fordi dei ikkje hadde søkt skole- eller læreplass. Andelen unge som ikkje søkte skole- eller læreplass har gått opp frå 38 prosent i 2024. Dette kjem av at målgruppa til OT har blitt utvida med fleire unge med rett til opplæring etter opplæringslova § 5-1, sjå infoboks ovanfor. Om lag 9 680 i aldersgruppa 21–24, og 4 530 i alderen 16–20, var registrerte i OT fordi dei ikkje hadde søkt vidaregåande opplæring. 

17 prosent, eller 5 400 unge, vart kontakta fordi dei slutta i skole eller lære i løpet av skoleåret. Andelen som slutta i skole eller lære er 12 prosentpoeng lågare enn i juni 2024. Dette kan kome av at fleire av dei yngre vel å halde fram i vidaregåande opplæring, framfor å slutte. I tillegg kjem dette av at mange av dei som no er omfatta av den utvida målgruppa, blir rekna som ikkje-søkarar, heller enn som elevar med avbrot fordi dei ikkje har gått på skole eller vore i lære det siste året.

Vidare har ein del unge enten takka nei til plassen dei fekk (8 prosent), eller hatt andre grunnar til å vere utanfor opplæring og arbeid (14 prosent). Også andelane i desse kategoriane er lågare enn året før, som følge av endringane i målgruppa.  

Om oppfølgingstenesta

Om endringar i oppfølgingstenesta og brot i statistikken

I juni 2025 var 17 prosent av alle i OT registrert som følge av at dei ikkje hadde oppnådd studie- eller yrkeskompetanse. Men ikkje alle fylke har fullstendig oversikt over unge som manglar enkelte fag eller læretid for å oppnå studie- eller yrkeskompetanse. Det er berre fylka Rogaland, Østfold, Oslo, Buskerud, Innlandet, Telemark og Vestfold som har registrert unge som har gjennomført, men ikkje bestått vidaregåande opplæring. Fylka med høgaste del ukjende tilfelle er i stor grad dei same som har registrert mange unge som ikkje har bestått vgo. OT-kontora rapporterer at det har vore utfordrande å kome i kontakt med denne gruppa, noko som kan forklare auken i talet på ukjende i desse fylka. Det er derfor venta at talet på unge med denne årsaka for tilmelding vil auke fram mot neste publisering i desember.

Éin av fire unge var ukjende for oppfølgingstenesta

Formålet med oppfølgingstenesta er å sørgje for at unge i målgruppa får tilbod om opplæring, arbeid eller andre kompetansefremjande tiltak. Oppfølgingstenesta lukkast likevel ikkje i å nå fram til alle unge. 27 prosent, eller 8 640 unge, har ikkje OT klart å kome i kontakt med. Talet på unge OT må kontakte, er mykje større enn tidlegare. I juni 2024 kontakta OT i overkant av 35 000 unge i alderen 16–21 år. I juni 2025 fekk OT-kontora ansvar for å kontakte over 68 000 unge i alderen 16–24 år. Av desse var 31 800 i målgruppa, det vil seie unge mellom 16 og 24 år som stod utanfor vidaregåande opplæring eller arbeid. 

Innan 15. juni 2025 hadde 39 prosent av unge begynt i opplæring, jobb eller tiltak etter å ha vore i kontakt med oppfølgingstenesta. Andelen er 2 prosentpoeng lågare enn i juni 2024. 

Som eit resultat av at fleire av målgruppa var ukjende for oppfølgingstenesta, var det òg ein lågare andel som fekk oppfølging eller hadde status som avklart. Éin av tre unge hadde status som avklart eller under oppfølging i juni 2025. I 2024 var annakvar unge registrert med desse statusane. Med «avklart» meiner ein unge som ikkje har moglegheit til å starte på skole eller i arbeid, enten på grunn av sjukdom, militærteneste, fordi dei har takka nei til oppfølging, eller fordi dei deltek i ikkje-formell opplæring. 

Nær tre av fem unge utanfor skole og arbeid var gutar 

Om lag 17 900 gutar og 13 900 jenter var registrerte i oppfølgingstenesta i juni 2025. Gutane utgjorde 56 prosent av dei registrerte unge i OT. Om lag like stor andel gutar og jenter begynte i aktivitet som opplæring, jobb eller andre aktivitetstiltak mens dei var registrerte i OT. Totalt var 30 prosent av unge i tiltak i regi av Nav eller ulike fylkeskommunale opplæringstiltak. Her skil det om lag 2 prosent mellom kjønna, der jentene i større grad deltok i tiltak i regi av Nav og fylkeskommunane.

OT har ikkje fått kontakt med ein av seks gutar. Tala frå fylka viser at ein større del gutar enn jenter er ukjende for OT, med ein skilnad på 5 prosent mellom kjønna. Dette utgjer den største kjønnsforskjellen i denne samanhengen. Frå statistikken unge utan og utanfor vidaregåande opplæring ser vi at det er fleire gutar enn jenter som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, og som står utanfor vidaregåande opplæring. 

Omtrent 7 prosent av unge er verken i opplæring eller arbeid på grunn av sjukdom eller opphald i institusjon. Det er ein større andel av gutane enn av jentene som er i denne gruppa. Andelen har gått ned med eitt prosentpoeng frå året før. 

Om statistikken