Gi rom for lesing! Status april 2006
Strategi- og tiltaksplanen ”Gi rom for lesing! Strategi for stimulering av leselyst og leseferdighet 2003–2007” har ført til at ei rekkje prosjekt er sette i gang i skular, kommunar, fylkeskommunar og fylke.
Rapporten viser status på tiltaka i den reviderte utgåva av ”Gi rom for lesing!” 2005. Den gir òg eit samandrag av delrapport 2 frå evalueringa av tiltaksplanen.
SINTEF IFIM evaluerer planen, og delrapport 2 som kom i april, omhandlar særleg dei lokale tiltaka. Rapporten konkluderer med at planen har medverka til å betre lesedugleiken og auke leselysta. Den har skapt entusiasme og engasjement både i og utanfor skulen.