Kunnskapsinnhenting
Færre læringsressursar på nynorsk enn på bokmål
Det er færre læringsressursar på nynorsk enn på bokmål, og det er ofte vanskeleg å finne fram til innhald på nynorsk. Samtidig blir læringsressursar brukt i eit mindre omfang enn læreboka.
Hovudfunn
- Færre læringsressursar på nynorsk enn på bokmål
- Læreboka blir brukt meir enn læringsressursar
- Elevane opplever varierande tilrettelegging
Færre læringsressursar på nynorsk enn på bokmål
Det er færre læringsressursar på nynorsk enn på bokmål. 52 av dei 92 undersøkte læringsressursane hadde noko innhald på nynorsk. Det er stor variasjon i graden av nynorsk innhald i desse læringsressursane og det er i mange tilfelle vanskeleg å finne fram til det nynorske innhaldet.
For forskarane, så vel som lærarar og elevar, er det vanskeleg å skilje klart mellom omgrepa «læringsressurs» og «læremiddel».
Læreboka på nynorsk blir brukt meir enn læringsressursar
Dei intervjua lærarane og elevane seier at det er den trykte, nynorske læreboka som blir mest brukt på deira skular. Læringsressursar fungerer som eit tillegg – blant anna for å variere, aktualisere eller samanfatte – og blir brukt i eit mindre omfang enn læreboka.
Læringsressursane lærarar vel å bruke, er i mange tilfelle på bokmål. At ressursane har eit relevant og fagleg innhald, er viktigare for lærarane enn om desse er på nynorsk. Både lærarar og elevar fortel at det er varierande språkleg kvalitet i ein del av dei nynorske læringsressursane.
Elevane opplever i varierande grad at lærarane legg til rette for meir innhald på nynorsk
Blant dei intervjua nynorskelevane varierer det kor viktig dei tykkjer det er å få innhald på nynorsk. Det varierer også i kva grad dei opplever at lærarane legg til rette for at dei skal få anna innhald enn læreboka på nynorsk.
Lærarane seier at dei strekker seg langt for at elevane skal få så mykje innhald som mogleg på nynorsk, og nokre omset sjølv materiale til nynorsk. Samtidig opplever dei at praksisen varierer mellom lærarar på same skole.
Lærarane understreka at det er særleg viktig med fleire nynorske læringsressursar for nynorskelevar med norsk som andrespråk eller elevar med dysleksi.
Rapporten og saka vart oppdatert 23.06.25 på grunn av inkurie.