Spørsmål om medisinering og spesialundervisning

Utdanningsdirektoratet har svart Fylkesmannen i Møre og Romsdal om kven som har ansvaret for medisinering og oppfølging av ein elev med diabetes.

Gjelder

Utdanningsdirektoratet viser til e-posten frå 03.12.2013, der de ber om ei avklaring om kven som har ansvaret for medisinering og oppfølging av ein elev med diabetes. Spørsmålet er knytt til om det aktuelle tiltaket kan reknast som spesialundervisning ette r opplæringslova § 5-1, eller om ein skal sjå på tiltaket som medisinsk behandling. Det følgjer av privatskolelova § 3-6 at reglane om spesialundervisning i opplæringslova gjeld tilsvarande for elevar i private grunnskolar. Problemstillinga er viktig for å avgjere om det er kommunen eller styret for den private skolen som må finansiere og organisere tiltaket.

Om medisinering kan gi grunnlag for spesialundervisning

Elevens rett til spesialundervisning er regulert i opplæringslova § 5-1 første ledd. Regelen lyder:

  • «Elevar som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning.»

Spesialundervisning gjeld for dei elevane som ikkje har eller ikkje kan få eit tilfredsstillande utbytte av den ordinære opplæringa. Retten til spesialundervisning er først og fremst knytt til særskilde opplæringsbehov for elevar med ulike typar lærevanskar. Ein elev som har diabetes, vil vere avhengig av å få medisinering. Dette er likevel ikkje det same som at ein skal sjå på slik medisinering og oppfølging som spesialundervisning.

Opplæringslova § 5-1 inneheld først og fremst vilkåra for rett til spesialundervisning, og ordlyden seier lite om kva spesialundervisninga konkret skal innehalde. Spesialundervisning er såleis ikkje definert direkte i ordlyden, og det kan i enkelte tilfelle vere vanskeleg å seie kva dei ytre grensene for omgrepet skal vere. Det finst likevel nokre utfyllande merknader i til § 5-1 i Ot.prp. nr. 46 (1997 -98):

  • «Retten etter § 5-1 gjeld opplæring, ikkje behandling. Det som reknast som opplæring etter den nye opplæringslova, er opplæring gitt under leiinga og ansvaret til skolen og på bakgrunn av opplæringsplanen for skolen»

Tilbod etter § 5-1 skal altså berre omfatte opplæring. Det daverende Kyrkje -, undervisnings - og forskingsdepartementet har i eit brev frå 22.1.2001 prøvd å konkretisere kva som skal til for at tiltaket skal reknast som opplæring:

  1. Aktiviteten må stå under skolens ledelse og ansvar. Herunder må det også være en tilsatt lærer som står for aktiviteten som oppfyller vilkårene i opplæringslovens kapittel 10, jf. forskrift til opplæringsloven kapittel 14 (om kompetanse) eller samme forskrift kapittel 25.
  2. Aktiviteten skjer innenfor rammen av det sentralt fas tsatte undervisningstimetallet (eventuelt utvidet lokalt fastsatt timetall.)
  3. Aktiviteten må ha et pedagogisk siktemål som er innrettet på å oppnå de målene som fremgår av lovens formålsparagraf (§ 1-2).
  4. Aktiviteten må innebære en oppfyllelse av det sentralt fastsatte læreplanverket for grunnskolen, eller innebære en oppfyllelse av en IOP som er fastsatt i henhold til § 5-5.

Eleven som er omtalt, vil i utgangspunktet ha eit tilfredsstillende læringsutbytte av det ordinære opplæringstilbodet, så lenge vedkommande får riktig medisinsk behandling. Aktiviteten/tiltaket vil dermed berre ha eit medisinsk siktemål, og vil falle utanfor det som blir rekna som opplæring. Utdanningsdirektoratet viser elles til den sakkunnige fråsegna frå PP-tenesta om at medis inering og oppfølging av diabetes ikkje er spesialundervisning. Slik Utdanningsdirektoratet ser det, fell medisinering og oppfølging her utanfor rammene for spesialundervisning.

Medisinering på skolen

Sjølv om det aktuelle tiltaket ikkje blir rekna som spesialundervisning etter opplæringslova § 5-1, er det klart at eleven har behov for medisinar og oppfølging når vedkommande er på skolen. Ansvaret for å syte for hjelp til legemiddelhandtering på skolar er ikkje uttrykkjeleg regulert i lovgivinga. Utdanning sdirektoratet viser her til rundskriv I-5/2008, utarbeidd av Helse - og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet, om handtering av legemiddel i barnehage, skole og skolefritidsordningar. Det går fram av rundskrivet at det er lagt inn eit ansvar i oppl æringslova om at kommunen må syte for at elevar får hjelp til legemiddelhandtering mens dei er på skolen. Tilsvarande ansvar er lagt inn i privatskolelova for styret ved private grunnskolar.

Fylkesmannen viser til dette rundskrivet i sitt notat, men legg til grunn at ansvaret til skoleeigaren berre gjeld i dei tilfella der omfanget av hjelpa er så lite at ein kan forvente at skolen kan handtere det med dei midla dei rår over. Utdanningsdirektoratet kan ikkje sjå at det finst ei slik omfangsavgrensing i run dskriv I-5/2008. Skoleeigaren har det overordna ansvaret og skal syte for at elevar med behov for bistand med legemiddelhandtering, får den hjelpa dei treng for å kunne fungere i skolekvardagen. Det er likevel slik at skoleeigaren ved vurderinga av om det er forsvarleg å la læraren ta seg av oppgåva med å gi barnet legemiddel, må ta omsyn til omfanget av oppgåva. I tillegg vil det vere viktig om læraren i samband med medisineringa må gjere ei vurdering av elevens helsetilstand.

Konklusjon

Etter Utdanningsd irektoratets syn vil tiltak om medisinering og oppfølging av ein elev med diabetes i dette tilfellet ikkje reknast som spesialundervisning etter opplæringslova § 5-1. Tiltaket fell inn under det overordna ansvaret til skoleeigaren om å syte for at elevar får den hjelpa med legemiddelhandtering som dei treng for å kunne fungere i skolekvardagen, jf. rundskriv 1-5/2008.

Vår referanse: 2013/6932

{{ settings.title }}

{{ settings.thankYouPlaceholder }}