Tilsyn med innhaldet i barnehagen

6. Barnehagen skal fremje kommunikasjon og språk

6.1 Barnehagen må ha eit kompetent personale som kan fremje kommunikasjon og språk

Barnehagepersonalet skal vere kompetent til å fremje kommunikasjon og språk. Barnehageeigaren har ansvaret for at barnehagen har eit kompetent personale og blir driven i samsvar med gjeldande regelverk, jf. barnehagelova § 7.

Eit kompetent pedagogisk personale er ein føresetnad for eit barnehagetilbod av god kvalitet. Barnehageeigaren må leggje vekt på dei faglege og pedagogiske vurderingane til dei tilsette i styringa. Barnehageeigaren og alle som arbeider i barnehagen, skal saman bidra til å oppfylle måla og krava i rammeplanen med utgangspunkt i dei erfaringane og den kompetansen dei har, jf. forskrift om rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver (rammeplanen) kapittel 2, jf. barnehagelova § 2 sjuande ledd.

Styrar og pedagogisk leiar er gitt konkrete oppgåver i rammeplanen, jf. rammeplanen kapittel 2, og kapittel 3 beskriv plikta som personalet har til å fremje kommunikasjon og språk. Barnehageeigaren må setje personalet i stand til å oppfylle pliktene deira.

6.2 Barnehagen må leggje til grunn kva som er best for barnet i arbeidet med å fremje kommunikasjon og språk

Det beste for barnet er eit grunnleggjande omsyn ved alle handlingar som gjeld barn, jf. Grunnlova § 104 andre ledd, FNs konvensjon om barnets rettigheter (barnekonvensjonen) artikkel 3 og barnehagelova § 3 fjerde ledd.

Korleis barna ser på innhaldet i barnehagen, er viktig når barnehagen vurderer kva som er det beste for barnet, jf. Grunnlova § 104 første ledd, barnekonvensjonen artikkel 12 og barnehagelova § 3 første ledd og rammeplanen kapittel 4. Barna skal jamleg få høve til aktivt å vere med på å planleggje og vurdere barnehageverksemda. Barna sine synspunkt skal leggjast vekt på i samsvar med kor gamle og modne dei er, jf. barnehagelova § 3 og rammeplanen kapittel 4. Barnehageeigaren har det overordna ansvaret for at barnehagepersonalet legg det beste for barnet til grunn, jf. barnehagelova § 7.

6.3 Barnehagen må fremje kommunikasjon og språk

Barnehagen skal fremje kommunikasjon og språk, jf. jf. rammeplanen kapittel 2, 3 og 7, jf. barnehagelova §§ 2 sjuande ledd og § 7 første ledd. I kapittel 3 i rammeplanen er det utfyllande beskrive kva det inneber å fremje kommunikasjon og språk. Personalet må blant anna støtte barna i å kommunisere, medverke, lytte, forstå og skape meining gjennom dialog og samspel. Barnehageeigaren har ansvaret for at personalet kan fremje kommunikasjon og språk, jf. barnehagelova § 7.

6.4 Barnehagen må vise gjennom årsplanen korleis barnehagen arbeider for å fremje kommunikasjon og språk

Barnehagen skal med utgangspunkt i rammeplanen fastsetje ein årsplan for den pedagogiske verksemda, jf. barnehagelova § 2 niande ledd. Årsplanen er ein arbeidsreiskap for personalet og dokumenterer vala og grunngivingane til barnehagen. Styraren skal leie prosessen med å utarbeide årsplanen. Årsplanen skal fastsetjast av samarbeidsutvalet i barnehagen. Planen skal vise korleis barnehagen arbeider for å omsetje formålet og innhaldet i rammeplanen til pedagogisk praksis. Årsplanen skal vise korleis barnehagen arbeider med kommunikasjon og språk. Det skal gå fram korleis medverknaden frå barna og foreldra blir teken inn i planleggingsarbeidet, og korleis barnehagen vurderer det pedagogiske arbeidet sitt, jf. rammeplanen kapittel 7. Barnehageeigaren har det overordna ansvaret for at barnehagen utarbeider årsplanen i samsvar med rammeplanen, jf. barnehagelova § 7.

6.5 Barnehagen må jamleg vurdere det pedagogiske arbeidet når det gjeld å fremje kommunikasjon og språk

Barnehagen må jamleg vurdere det pedagogiske arbeidet, jf. rammeplanen kapittel 7. Dette inneber at barnehagen må beskrive og analysere det pedagogiske arbeidet ut frå krava i regelverket. Vurderingsarbeidet skal sikre at alle barna får eit tilbod i tråd med barnehagelova og rammeplanen. Vurderingsarbeidet skal byggje på refleksjonar som heile personalgruppa er involvert i. Faglege og etiske problemstillingar skal inngå i vurderingsarbeidet. Personalet skal observere og vurdere trivselen og den allsidige utviklinga til barna fortløpande, med utgangspunkt i barnet sine individuelle føresetnader og kunnskap om utviklinga og behova til barnet. Erfaringane og synspunkta til barnet skal inngå i vurderingsgrunnlaget. Barnehageeigaren har det overordna ansvaret for at barnehagen jamleg vurderer det pedagogiske arbeidet, jf. barnehagelova § 7.

6.6 Barnehagen må dokumentere korleis dei arbeider for å fremje kommunikasjon og språk

Dokumentasjonen av det pedagogiske arbeidet skal inngå i barnehagen sitt arbeid med å planleggje, vurdere og utvikle den pedagogiske verksemda, jf. rammeplanen kapittel 7. Dokumentasjon av personalet sitt arbeid synleggjer korleis personalet arbeider for å oppfylle krava i barnehagelova og rammeplanen, medrekna korleis personalet arbeider med å fremje kommunikasjon og språk. Barnehagen skal dokumentere vurderingar om trivselen og den allsidige utviklinga til barnegruppa og enkeltbarn når det er nødvendig for å gi barnegruppa og enkeltbarnet eit tilrettelagt tilbod. Barnehageeigaren har det overordna ansvaret for at barnehagen dokumenterer korleis dei arbeider for å fremje kommunikasjon og språk, jf. barnehagelova § 7.