5.1 Barnehagen må ha eit kompetent personale som kan fremje vennskap og fellesskap
Barnehagepersonalet skal vere kompetent til å fremje vennskap og fellesskap. Barnehageeigaren har ansvaret for at barnehagen har eit kompetent personale og blir driven i samsvar med gjeldande regelverk, jf. barnehagelova § 7.
Eit kompetent pedagogisk personale er ein føresetnad for eit barnehagetilbod av god kvalitet. Barnehageeigaren må leggje vekt på dei faglege og pedagogiske vurderingane til dei tilsette i styringa. Barnehageeigaren og alle som arbeider i barnehagen, skal saman bidra til å oppfylle måla og krava i rammeplanen med utgangspunkt i dei erfaringane og den kompetansen dei har, jf. forskrift om rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver (rammeplanen) kapittel 2, jf. barnehagelova § 2 sjuande ledd.
Styrar og pedagogisk leiar er gitt konkrete oppgåver i rammeplanen, jf. rammeplanen kapittel 2, og kapittel 3 beskriv plikta som personalet har til å fremje vennskap og fellesskap. Barnehageeigaren må setje personalet i stand til å oppfylle pliktene deira.
5.2 Barnehagen må leggje til grunn kva som er best for barnet i arbeidet med å fremje vennskap og fellesskap
Det beste for barnet er eit grunnleggande omsyn ved alle handlingar som gjeld barn, jf. Grunnlova § 104 andre ledd, FNs konvensjon om barnets rettigheter (barnekonvensjonen) artikkel 3 og barnehagelova § 3 fjerde ledd.
Korleis barna ser på innhaldet i barnehagen, er viktig når barnehagen vurderer kva som er det beste for barnet, jf. Grunnlova § 104 første ledd, barnekonvensjonen artikkel 12 og barnehagelova § 3 første ledd og rammeplanen kapittel 4. Barna skal jamleg få høve til å delta aktivt i å planleggje og vurdere barnehageverksemda. Barna sine synspunkt skal leggjast vekt på i samsvar med kor gamle og modne dei er, jf. barnehagelova § 3 og rammeplanen kapittel 4. Barnehageeigaren har det overordna ansvaret for at barnehagepersonalet legg det beste for barna til grunn, jf. barnehagelova § 7.
5.3 Barnehagen må fremje vennskap og fellesskap
Barnehagen skal aktivt leggje til rette for vennskap og fellesskap, jf. rammeplanen kapittel 2, 3 og 7, jf. barnehagelova §§ 2 sjuande ledd og § 7 første ledd. I kapittel 3 i rammeplanen er det utfyllande beskrive kva det inneber å fremje vennskap og fellesskap. Personalet skal blant anna leggje til rette for at alle barn skal kunne erfare å vere viktige for fellesskapet og å vere i positivt samspel med barn og vaksne. Barnehageeigaren har ansvaret for at personalet aktivt legg til rette for vennskap og fellesskap, jf. barnehagelova § 7.
5.4 Barnehagen sin årsplan må vise korleis barnehagen arbeider for å fremje vennskap og fellesskap
Barnehagen skal med utgangspunkt i rammeplanen fastsetje ein årsplan for den pedagogiske verksemda, jf. barnehagelova § 2 niande ledd. Årsplanen er ein arbeidsreiskap for personalet og dokumenterer vala og grunngivingane til barnehagen. Styraren skal leie prosessen med å utarbeide årsplanen. Årsplanen skal fastsetjast av samarbeidsutvalet i barnehagen. Planen skal vise korleis barnehagen arbeider for å omsetje formål og innhald i rammeplanen til pedagogisk praksis. Årsplanen skal vise korleis barnehagen arbeider for å fremje vennskap og fellesskap. Det skal gå fram korleis medverknaden frå barna og foreldra blir teken inn i planleggingsarbeidet, og korleis barnehagen vurderer det pedagogiske arbeidet, jf. rammeplanen kapittel 7. Barnehageeigaren har det overordna ansvaret for at barnehagen utarbeider årsplanen i samsvar med rammeplanen, jf. barnehagelova § 7.
5.5 Barnehagen må jamleg vurdere det pedagogiske arbeidet når det gjeld å fremje vennskap og fellesskap
Barnehagen må jamleg vurdere det pedagogiske arbeidet, jf. rammeplanen kapittel 7. Dette inneber at barnehagen må beskrive og analysere det pedagogiske arbeidet ut frå krava i regelverket. Vurderingsarbeidet skal sikre at alle barna får eit tilbod i tråd med barnehagelova og rammeplanen. Vurderingsarbeidet skal byggje på refleksjonar som heile personalgruppa er involvert i. Faglege og etiske problemstillingar skal inngå i vurderingsarbeidet. Personalet skal observere og vurdere trivselen og den allsidige utviklinga til barna fortløpande, med utgangspunkt i barnet sine individuelle føresetnader og kunnskap om utviklinga og behova til barnet. Erfaringane og synspunkta til barnet skal inngå i vurderingsgrunnlaget. Barnehageeigaren har det overordna ansvaret for at barnehagen jamleg vurderer det pedagogiske arbeidet, jf. barnehagelova § 7.
5.6 Barnehagen må dokumentere korleis dei arbeider for å fremje vennskap og fellesskap
Dokumentasjonen av det pedagogiske arbeidet skal inngå i barnehagen sitt arbeid med å planleggje, vurdere og utvikle den pedagogiske verksemda, jf. rammeplanen kapittel 7. Dokumentasjon av personalet sitt arbeid synleggjer korleis personalet arbeider for å oppfylle krava i barnehagelova og rammeplanen, medrekna korleis personalet arbeider med å fremje vennskap og fellesskap. Barnehagen skal dokumentere vurderingar om trivselen og den allsidige utviklinga til barnegruppa og enkeltbarn når det er nødvendig for å gi barnegruppa og enkeltbarnet eit tilrettelagt tilbod. Barnehageeigaren har det overordna ansvaret for at barnehagen dokumenterer korleis dei arbeider for å fremje vennskap og fellesskap, jf. barnehagelova § 7.