Ord og omgrep i opplæringslova

Her er ei liste over nokre omgrep som er nye i opplæringslova av 2024.

Endringar 
Omgrep i opplæringslova av 1998Omgrep i opplæringslova av 2024
Spesialundervisning
  • Individuelt tilrettelagd opplæring
  • Personleg assistanse
  • Fysisk tilrettelegging

Sjå utdjuping nedanfor

Tidleg innsatsIntensiv opplæring
Tospråkleg fagopplæringTospråkleg opplæring i fag
Særskild norskopplæringForsterka opplæring i norsk
Grunnskoleopplæring for vaksneFørebuande opplæring for vaksne
OrdensreglementSkolereglar
KnutepunktskoleSkole som har opplæring i og på teiknspråk
Grunnkompetanse---
Sjå utdjuping nedanfor
Vidaregåande nivå 1/Vg1 osv. Vidaregåande trinn 1 osv. (forkortinga vg1 osv. kan framleis brukast sjølv om den ikkje er brukt i lova)
Lærlingar/lærekandidatar/praksisbrevkandidatar/kandidatar for fagbrev på jobbDei som har eller skal ha læretid i bedrift
Lærekontrakt og opplæringskontraktKontrakt om opplæring 
OpplæringskontorSamarbeidsorgan for lærebedrifter (opplæringskontor)
Vg3 i skoleOpplæringstilbod til dei som ikkje får læreplass
Musikk og kulturskoleKulturskole
Sosialpedagogisk rådgivingRådgiving om sosiale og personlege forhold
Utdannings- og yrkesrådgivingRådgiving om utdannings- og yrkesval
VarsleMelde frå
Skjerpa aktivitetspliktSkjerpa plikt til å melde frå
UndervisningsstillingLærarstilling

Utdjuping

Spesialundervisning

Dette omgrepet er no delt i tre ulike omgrep:

  • Individuelt tilrettelagd opplæring: Elevar har rett til individuelt tilrettelagd opplæring dersom dei treng det for å få tilfredsstillande utbytte av opplæringa, sjå opplæringslova § 11-6.
  • Personleg assistanse: Elevar har rett til den personlege assistansen dei treng for å kunne delta i opplæringa og få tilfredsstillande utbytte av ho, sjå opplæringslova § 11-4.
  • Fysisk tilrettelegging og tekniske hjelpemiddel: Elevar har rett til dei tekniske hjelpemidla og den fysiske tilrettelegginga dei treng for å kunne delta i opplæringa og få tilfredsstillande utbytte av ho, sjå opplæringslova § 11-5.

Grunnkompetanse

Omgrepet «grunnkompetanse» blir ikkje brukt i dagens opplæringslov, fordi reglane viser til kva opplæringa består av, ikkje kva ho skal føre fram til. Omgrepet grunnkompetanse gjer ikkje i seg sjølv informasjon om kva kompetanse som er oppnådd, da det omfattar både planlagd og ikkje-planlagd sluttkompetanse på eit lågare nivå enn studie- eller yrkeskompetanse.

Andre endringar

Kapittel 9 A er no kapittel 12: Etter innføringa av kapittel 9 A i 2017, blei «9 A-saker» eit omgrep som ofte var brukt om saker om skolemiljø. I opplæringslova av 2024 ligg paragrafane som gjeld skolemiljø i kapittel 12.

Barn med stort læringspotensial: Omgrepet «evnerike barn» blir ikkje brukt i regelverket, sjølv om omgrepet blir brukt i tidlegare forarbeid og i rettleiing. I forarbeida til opplæringslova er «barn med stort potensial for læring/stort læringspotensial» brukt i staden.