Prosjektstøtte til private og frivillige organisasjonar for 2026

Kven kan søkje: Private og frivillige organisasjonar i Noreg, inkludert ideelle aksjeselskap, som fyller kriteria for ordninga (sjå nedanfor)
Søknadsfrist: 19.12.2025

Her søkjer du:

Rapportering:

  • Eittårige prosjekt: sluttrapportering innan 1. juli i året etter tildelingsåret.
  • Fleirårige prosjekt: årlege undervegs-rapporteringar innan 1. oktober, og sluttrapportering innan 1. juli i året etter det siste tildelingsåret.
  • Stikkprøvekontroll vil bli gjennomført ved behov.

Om ordninga

For 2025 er føremålet å stimulere organisasjonar til å sette i verk 

  • tiltak mot mobbing i skolen
  • prosjekt som stimulerer til auka leseferdigheiter og leselyst i skolen
  • prosjekt som stimulerer til leseglede i barnehagen

Dei prosjektretta tiltaka må vere landsdekkande, og nå flest mogeleg barn i barnehage, elevar og lærlingar i grunnskole og vidaregåande opplæring. Søkjaren må kunne synleggjere den forventa nytteeffekten ved å skildre planlagde eller igangsette aktivitetar/tiltak.

Dette er ei prosjektstøtteordning, og organisasjonar kan derfor ikkje søkje om tilskot til ordinær drift frå ordninga. Tiltaka i søknaden må gjelde prosjektretta aktivitetar som er tidsavgrensa, og som blir følgt opp som eigne økonomiske einingar. Prosjekta kan vere eittårige eller gå over fleire år, med ei maksimal tidsramme på 3 år. Med atterhald om Stortingets årlege budsjettløyving til ordninga, kan tilskotsmottakarar få innvilga prosjektstøtte for inntil 3 år, med prosjektavslutning seinast 31.12.2028.

Det er berre søknader som gjeld tiltak mot mobbing i skolen, prosjekt som stimulerer til auka leseferdigheiter og leselyst i skolen, samt prosjekt som stimulerer til leseglede i barnehage som vil bli vurderte for eventuell tilskotstildeling.

Om statsbudsjettet for tilskotsposten blir vedteke i samsvar med budsjettframlegget for 2025, vil potten til fordeling på nye prosjektsøknader vere på om lag 5,2 mill. kroner for 2026.

Kven kan få prosjektstøtte?

Private og frivillige organisasjonar i Noreg, inkludert ideelle aksjeselskap, som fullt ut fyller desse kriteria:

  • er registrert i Enhetsregisteret og Frivillighetsregisteret
  • har eit ideelt føremål i samsvar med sine vedtekter
  • representerer ei interessegruppe, brukargruppe, eit fagfelt etc.
  • ikkje er ei bransjeforeining
  • ikkje er organisert av det offentlege
  • baserer sitt arbeid på medlemsavgifter eller støtte frå offentlege styresmakter og/eller private gjevarar
  • ikkje har som føremål å tene pengar (non-profit)
  • har vedtektsfesta at eit eventuelt overskott skal tilbakeførast til organisasjonen si drift
  • kan bidra på ein positiv måte i arbeidet mot mobbing i skolen og/eller kan stimulere til auka leseferdigheit og leselyst
  • har kompetanse og kapasitet som kan bidra til å nå dei prioriterte måla for barnehage og grunnopplæringa

Slik søkjer du

Du finn lenke til søknadsskjema og obligatoriske vedlegg øvst på sida. Søknader som er mottekne hos Utdanningsdirektoratet etter søknadsfristen, blir ikkje saksbehandla.

I det elektroniske søknadsskjemaet skal søkjar gje følgjande opplysningar om søkjarorganisasjonen

  • organisasjonens namn i samsvar med registrering i Enhetsregisteret og om organisasjonen er registrert i Frivillighetsregisteret
  • organisasjonsnummer
  • organisasjonsform, dokumentert med utskrift frå Enhetsregisteret 
  • skildring av organisasjonens ideelle føremål
  • organisasjonens offisielle e-postadresse og eventuell heimeside
  • interessegruppe, brukargruppe, fagfelt etc. som organisasjonen representerer, talet på medlemmar og betalande medlemmar
  • kontaktinformasjonen til den ansvarlege søkjaren: namn, e-postadresse og telefonnummer
  • val av prosjekt/tiltak som organisasjonen søkjer tilskot til
  • start- og sluttdato for prosjekt/tiltak søknaden gjeld
  • skildring om korleis dei prosjektretta tiltaka er landsdekkande
  • skildring av prosjektaktivitet(ar)/tiltak, mål for desse og korleis organisasjonen skal nå ut til målgruppa . I skildringa  må  det  klart kome fram omfanget og forventa verknad av tiltaket i høve til tilskotsordninga si målsetting, kva målgrupper tiltaket gjeld, og i kva omfang og på korleis måte dette vil bli gjennomført (beskrivinga kan  leggast ved som eit vedlegg til søknaden)
  • skildring av kompetansen og kapasiteten for å nå dei prioriterte måla for barnehage og grunnopplæringa
  • skildring av korleis tiltak/prosjekt er relevant for å nå måla i prosjektaktiviteten og for dei prioriterte måla for tilskuddsordninga
  • skildring av sluttresultat for prosjekt/tiltak over kva som skal være oppnådd når prosjekt(a) er fullført
  • søknadsbeløp og bankkontonummer for eventuell utbetaling
  • prosjektbudsjett for søknadens tiltak, der alle tiltaket sine inntekter og kostnader er med (budsjettet skal leggast ved som eit vedlegg til søknaden)
  • opplysning om det er søkt om tilskot frå andre instansar til tiltaket/aktiviteten
  • obligatoriske vedleggsskjema til søknaden:
    • vedleggsskjema til prosjektsøknaden og prosjektbudsjett skal kvar for seg leverast som eige vedlegg
    • stadfesting frå Enhetsregisteret, oppdatert informasjon om dagleg leiar, styreleiar og eventuelt andre ansvarlege nøkkelpersonar i organisasjonen, organisasjonen sine vedtekter, organisasjonen sin siste årsrapport og revisorattesterte årsrekneskap med notar, samt årsbudsjett for organisasjonen for inneverande år. Desse vedlegga skal leverast i eitt samla vedlegg.

Tildeling

Ordninga har ikkje berekningsreglar. Løyvinga på posten blir fastsett etter vedtak i Stortinget.

Utdanningsdirektoratet vurderer søknadane og fattar vedtak om fordeling av midlar etter ei totalvurdering på skjønnsmessig grunnlag.

Vurderinga skal skje på grunnlag av i kor stor grad organisasjonen sine prosjektretta tiltak/aktivitet:

  • kan bidra til å nå dei prioriterte måla for barnehage og grunnopplæringa
  • har ein nasjonal verdi
  • når ut til målgruppa

I tillegg blir det gjort vurdering på om organisasjonane har nødvendig kompetanse og gjennomføringsevne for tiltaket/aktiviteten. 

Driftsutgifter som søkjer dekking skal vere på eit rimeleg nivå sett i høve til talet og omfanget av aktivitetane som vert gjennomførte, slik dei er beskrivne i søknaden. Med driftsutgifter meinast utgifter til administrasjon av aktivitet(ane) i prosjekt(ane) det søkjast støtte til.

 Rapportering

  • For eittårige prosjekt skal du sende inn sluttrapportering innan 1. juli i året etter tildelingsåret.
  • For fleirårige prosjekt skal du sende inn årlege undervegs-rapporteringar innan 1. oktober, og sluttrapportering innan 1. juli i året etter det siste tildelingsåret.

Send inn prosjektrapport og eventuelt andre dokument som skildrar gjennomføringa av prosjektet i tilskotsåret.

  • Av rapporten må det gå fram korleis organisasjonen gjennom prosjektet har medverka til å nå målet for tilskotsordninga, og korleis organisasjonens tiltak er gjennomført i samsvar med vilkåra for innvilga prosjektstøtte.

Prosjektrekneskap og revisjonsmelding for prosjektet

Prosjektrekneskapen skal utgjere ei separat eining i organisasjonen sin årsrekneskap.

  • Den årlege prosjektrekneskapen skal omfatte alle prosjekta sine inntekter og kostnader, og skal vere bokført på underpost-nivå i samsvar med Norsk Standard Kontoplan NS 4102.
  • Tilskotet frå Utdanningsdirektoratet skal spesifiserast i ei eiga linje i prosjektrekneskapen eller note i årsrekneskapen, og eventuelle tilskot frå andre statlege instansar skal også gå fram i eigne linjer i prosjektrekneskapen.
  • Prosjektrekneskapen skal kunne samanhaldast med søknaden sitt prosjektbudsjett.

Årsrekneskap og årsrapport for organisasjonen skal vise samla verksemd i det enkelte tildelingsår. Tilskotet frå Utdanningsdirektoratet må spesifiserast i ei eiga linje i resultatrekneskapen eller i note til årsrekneskapen.

Revisors oppgåver

For tilskot som samla overstig kr. 200 000 i prosjektperioden, skal prosjektrekneskapen reviderast av statsautorisert revisor. Revisjonsmeldingane må innehalde opplysningar om økonomisk nettoresultat i dei reviderte rekneskapane.

Tildeling 2025

Følgjande organisasjonar fekk tilskot i 2025
OrganisasjonType tiltakProsjektnamnProsjekt-
periode
Tilskot i prosjekt-
perioden
Foreningen !lesAuka leseferdigheter og leselyst i skolen,
leseglede i barnehage
  • Tid for ti
  • Bokstart
    Barnehage
3 år1 870 000
Norsk Litteratur-
festival Sigrid Undset-Dagene
Auka leseferdigheter og leselyst i skolen,
leseglede i barnehage
  • Boklek
3 år220 000
UNICEF-komiteen i NorgeTiltak mot mobbing i skolen
  • Rettighets-basert opplæring/
    undervisning
  • Barnas rettighetskort
3 år545 000
Redd BarnaTiltak mot mobbing i skolen
  • Elevers perspektiver på den digitale skolehverdagen
  • Foreldretips for vennskap
2 år815 000
KulturalleAuka leseferdigheter og leselyst i skolen, leseglede i barnehage
  • Leselekene
3 år335 000
Voksne for
barn
Tiltak mot mobbing i skolen
  • Inkluderende SFO
2 år240 000
Litteraturhuset FredrikstadAuka leseferdigheter og leselyst i skolen, leseglede i barnehage
  • Bokstart
3 år120 000
Foreningen Norden NorgeAuka leseferdigheter og leselyst i skolen
  • Nordiske forfatterbesøk
3 år580 000
Forandrings-
fabrikken Stiftelse
Tiltak mot mobbing i skolen
  • Fra plaging
    til inkludering
2 år530 000
Stiftelsen BarnevaktenTiltak mot mobbing i skolen
  • Ung på
    nett 2.0
3 år920 000