Tømrarfaget (TMF03‑02)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål 

  • planleggje
    byggprosjekt etter teikningar, beskrivingar, preaksepterte løysingar, standarar og toleransekrav og vurdere
    arbeidet ut frå framdrift, berekraft og lønnsemd og konsekvensar av avvik fra toleransekrava
  • utarbeide framdriftsplanar, bestille og motta materiale og utstyr og kontrollere kvalitet og mengd i tråd med arbeidsoppdraget
  • risikovurdere arbeidsoppdrag, gjennomføre
    ein sikker jobbanalyse og rapportere om uønskte hendingar
  • gjere greie for
    og bruke
    kvalitetssikringssystem, dokumentere
    eige arbeid og handtere avvik
  • måle og utarbeide målsette skisser for å produsere konstruksjonsdelar i samsvar med teikningar, skjema og standardar
  • arbeide i tråd med gjeldande krav til helse, miljø og sikkerheit og gjeldande regelverk, varsle avvik og reflektere
    over konsekvensar av ikkje å følgje krava
  • kjeldesortere og handtere avfall etter gjeldande regelverk, og reflektere
    over konsekvensane av feilhandtering
  • byggje opptil ni meter høgt stillas etter monteringsrettleiing, følgje regelverk for arbeid i høgda og vurdere
    bruk av sikringsutstyr
  • arbeide i tråd med ergonomiske prinsipp og reflektere
    over konsekvensane av støy, vibrasjonar, støveksponering og bruk av kjemiske komponentar
  • bruke
    verne- og sikringsutstyr og vurdere
    konsekvensane av feilbruk
  • setje ut, sikre og kontrollere høgder og mål ved bruk av ulikt måleutstyr og gjere greie for
    mellombelse avstivingar under byggjeprosessen
  • utføre mottakskontroll, lagre materiale og festemiddel i samsvar med produktdokumentasjon og lage ein riggplan
  • velje og bruke
    trevirke og byggjevareprodukt og vurdere
    konsekvensane av varmegjennomgang, fukttransport og styrkeeigenskapar
  • byggje og montere veggkonstruksjonar og vurdere
    korleis fukt og temperaturendringar påverkar klimakonstruksjonen
  • byggje og montere takkonstruksjonar og himlingar og vurdere
    korleis krefter påverkar konstruksjonen
  • byggje og montere bjelkelag, etasjeskiljarar og himlingar og vurdere
    korleis laster påverkar konstruksjonen
  • gjere greie for
    prinsippa for brann og lyd og byggje brannhemmande og lyddempande konstruksjonar
  • byggje, montere og kontrollere element og modular av tre og samansette materiale
  • feste trekonstruksjonar mot betong, mur, stål og samansette materiale
  • montere vindauge og dører og tette, isolere og liste etter ei monteringsrettleiing og vurdere
    korleis krefter påvirker bygningsdelen
  • montere ulike typar innvendig og utvendig kledning og listverk og vurdere
    kvaliteten på materiala
  • leggje golv av tre og samansette materiale, montere listverk og vurdere
    korleis fukt i materiala påverkar resultatet
  • vurdere
    overføringa av krefter i arbeidet med å rehabilitere eksisterande konstruksjonar
  • rehabilitere trekonstruksjonar og skifte ut skadde bygningsdelar i eksisterande bygg
  • rehabilitere bygningar og drøfte
    korleis tradisjonelle byggjemetodar tek vare på eigenarten til faget og kulturtradisjonane
  • bruke
    fagterminologi for å kommunisere med kollegaer og andre yrkesutøvarar og drøfte
    ulike løysingar som bidreg til å minimere miljøavtrykket og sikre ei effektiv ressursutnytting
  • arbeide etter regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforholdet i faget, og gjere greie for
    pliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren og reflektere
    over krav og forventningar som blir stilte til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap
  • vurdere
    og bruke
    ulike byggtekniske løysingar og gjere greie for
    konsekvensane for inneklima og universell utforming
  • byggje og montere konstruksjonar for brukarar i ulike livssituasjonar og reflektere
    over korleis tilgjengelegheit bidreg til folkehelse i eit livslangt perspektiv
  • utføre grunnleggjande førstehjelp

Undervegsvurdering