Samfunnsfag (SAF01‑05)
Kompetansemål og vurdering

Ikke gyldig før 1.8.2026

Dette settet med kompetansemål er ikkje gyldig for 1. trinn og 2. trinn før 1.8.2026. Fram til da er det forrige versjon av læreplanen som gjeld. Sjå meir informasjon under:

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter 2. trinn

  • utvikle og presentere samfunnsfaglege spørsmål
  • samtale om korleis ulike kjelder, inkludert kart, kan gi informasjon om samfunnsfaglege spørsmål
  • utforske og beskrive kulturminne og kultur- og naturlandskapet i nærmiljøet
  • utforske og presentere korleis menneska levde for éin til to menneskealdrar sidan
  • reflektere over kvifor menneske har ulike meiningar og tek ulike val
  • samtale om vennskap og tilhøyrsle og kva som påverkar relasjonar
  • beskrive og gi døme på mangfald i Noreg, med vekt på ulike familieformer og folkegrupper, inkludert det samiske urfolket
  • utforske og gi døme på korleis menneska påverkar klimaet og miljøet, og dokumentere korleis påverknadene kjem til syne i nærmiljøet
  • presentere og gi døme på rettar barn har i Noreg og verda, og kva barn kan gjere ved brot på desse rettane
  • utforske og gi døme på korleis barn kan påverke avgjerder og samarbeide om demokratiske prosessar
  • samtale om moglegheiter og utfordringar ved digital samhandling
  • samtale om kjensler, kropp, kjønn og seksualitet og korleis eigne og andre sine grenser kan uttrykkjast og respekterast
  • utforske og gi døme på korleis menneske i ulike delar av verda påverkar livet til kvarandre

Undervegsvurdering