Formålsparagrafen uttrykkjer verdiar som samlar Noreg som samfunn. Verdiane er grunnlaget for demokratiet vårt og skal hjelpe oss å leve, lære og arbeide saman i ei kompleks samtid og i møte med ei ukjend framtid. Dei felles verdiane byggjer på kristen og humanistisk arv og tradisjon. Dei kjem òg til uttrykk i ulike religionar og livssyn, og dei er forankra i menneskerettane.
Desse verdiane er grunnmuren i verksemda til skolen. Dei må gjerast levande og få betydning for kvar enkelt elev i skolefellesskapen gjennom formidling av kunnskap og utvikling av haldningar og kompetanse. Verdiane skal prege korleis skolen og lærarane møter elevane og heimane. Eleven sitt beste skal alltid vere eit grunnleggjande omsyn. Det vil alltid vere spenningar mellom ulike interesser og syn. Lærarar må derfor bruke sitt profesjonelle skjønn slik at den enkelte blir best mogleg vareteken i møte med fellesskapen.
Den samiske skolen skal leggje til rette for at elevane får ei opplæring med basis i samiske verdiar og samisk språk, kultur og samfunnsliv. Verdiane i formålsparagrafen er òg samiske verdiar og gjeld i den samiske skolen. I samisk skole er det viktig å ha eit allsamisk perspektiv og eit urfolksperspektiv og å leggje vekt på materiell og immateriell kulturarv som tradisjonell kunnskap, duodji/duodje/duedtie og slekts- og familierelasjonar.