Instruksjon og leiing (MUS07‑02)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I instruksjon og leiing handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å ta ansvar som leiar for å skape fellesskap der alle opplever seg respekterte og opplever meistring. Det handlar òg om å ta ansvar for lydmiljø og -nivå når ein arbeider med produksjonar, og å vere medvitne om korleis regulering av desse faktorane kan bidra til stressmeistring og førebyggje høyrselsproblem.
Demokrati og medborgarskap
I instruksjon og leiing handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om å ta ansvar som leiar for å styrkje samhandling og medarbeidarskap i ei gruppe. Slik kan faget styrkje forståinga av både rettferdig utøving av leiarskap og av korleis dette er ein føresetnad for demokrati. Det inneber å lytte til innspel, respektere ulikskapar og løyse usemje og konflikt gjennom forhandling og kunstnarisk leiarskap.