Instruksjon og leiing (MUS07‑02)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i instruksjon og leiing inneber å uttrykkje seg verbalt om musikalske idear og intensjonar. Det inneber vidare å instruere ved bruk av fagspråk og å leggje til rette for og bidra til respektfull dialog med dei ein skal leie. Det inneber òg å demonstrere musikalske element vokalt.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i instruksjon og leiing inneber å bruke eigna musikknotasjon og fagspråk og å skrive planar, søknader, budsjett og rekneskapar. Det inneber òg å reflektere skriftleg rundt musikkfagleg arbeid og å kommunisere skriftleg til presse i samband med marknadsføring.
Å kunne lese
Å kunne lese i instruksjon og leiing inneber å tileigne seg musikk via notasjon og fagspråk og å bruke dette som kjelde til musikalsk interpretasjon og i formidling av musikalske uttrykk. Det inneber òg å orientere seg i og å ta ansvar for å følgje lover og reglar.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i instruksjon og leiing inneber å arbeide med ulike taktartar, rytmar og form. Det inneber òg rekneskaps- og budsjettarbeid.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i instruksjon og leiing inneber å bruke digitale ressursar i planlegging, gjennomføring og dokumentasjon av produksjonar. Vidare inneber det å vise god digital dømmekraft når det gjeld kommunikasjon, samhandling og kjeldebruk.