Matematikk for økonomi (MAT12‑01)
Kjerneelement
Utforsking og problemløysing
Utforsking i matematikk for økonomi handlar om å leite etter mønster, finne samanhengar og undersøkja korleis matematiske metodar kan brukast til å forstå økonomiske samanhengar. Utforsking handlar om å leggje meir vekt på strategiane og framgangsmåtane enn på løysingane. Dette gir innsikt i og forståing av kvifor vi har ulike løysingsmetodar, og når det er mest formålstenleg å velje dei ulike metodane. Problemløysing i matematikk for økonomi er prosessen der ein bruker omgrep, strategiar og metodar for å finne ei løysing på ei oppgåve eller ein situasjon der framgangsmåten ikkje er kjend.
Modellering og anvendingar
Ein modell i matematikk for økonomi er ei beskriving av verkelegheita i matematisk og økonomisk språk. Kjerneelementet handlar om korleis matematiske modellar blir brukte for å beskrive, analysere og forstå økonomiske samanhengar. Modellering i matematikk for økonomi er å lage slike modellar. Det handlar òg om å vurdere gyldigheita og avgrensingane til modellane, tolke dei i lys av dei opphavlege situasjonane og vurdere om dei kan brukast i andre situasjonar. Anvendingar i faget handlar om å bruke matematikk til å analysere, forklare og vurdere samanhengar i personleg økonomi og i samfunnsøkonomi.
Resonnering og argumentasjon
Resonnering i matematikk for økonomi handlar om å kunne følgje, vurdere og forstå matematiske tankerekkjer knytte til økonomiske problemstillingar. Det inneber å forstå at matematiske reglar og resultat ikkje er tilfeldige, men byggjer på klare grunngivingar. Resonneringa blir knytt til økonomi gjennom bruk av økonomiske omgrep og problemstillingar. Vidare handlar resonnering om å forme eigne resonnement for å forstå og for å løyse problem. Argumentasjon i matematikk for økonomi handlar om å forklara og bevise at framgangsmåtar, resonnement og løysingar er gyldige.
Representasjon og kommunikasjon
Representasjonar i matematikk for økonomi er måtar å uttrykkje omgrep, samanhengar og problem på. Representasjonar kan vere konkrete, kontekstuelle, visuelle, verbale eller symbolske framstillingar av økonomiske samanhengar. Det handlar òg om å forklare, grunngi og vurdere val av økonomiske representasjonsformer. Vidare handlar det om å veksle mellom ulike representasjonar. Kommunikasjon i matematikk for økonomi handlar om å bruke matematisk språk i samtalar, argumentasjon og resonnement kopla til økonomiske problemstillingar.
Abstraksjon og generalisering
Abstraksjon i matematikk for økonomi handlar om å bruke symbolspråk, modellar og matematiske resonnement til å beskrive, analysere og forstå økonomiske omgrep og samanhengar. Generalisering i matematikk for økonomi handlar om å oppdage mønster, samanhengar og strukturar i økonomiske situasjonar og bruke desse til å formulere generelle samanhengar og modellar. Vidare handlar det om å utforske omgrep og symbol for å uttrykkje, forklare og kommunisere resultat og samanhengar ved å bruke formålstenlege representasjonar.