Matematikk for økonomi (MAT12‑01)
Kompetansemål og vurdering

Ikke gyldig før 1.8.2027

Dette settet med kompetansemål er ikkje gyldig for vg2 og vg3 før 1.8.2027. Fram til da er det forrige versjon av læreplanen som gjeld. Sjå meir informasjon under:

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter matematikk for økonomi

  • prosentrekning til å forklare og
    korleis rente på rente påverkar innskot og korleis inflasjon påverkar kroneverdi og prisindeks
  • noverdi og framtidsverdi til å modellere sparing, lån og avbetaling og
    økonomiske alternativ over tid ved hjelp av digitale verktøy

    Forklaring til kompetansemål

    Didaktisk støtte: Arbeidet kan omfatte situasjonar der terminbeløp, rentesats og eventuelle gebyr er kjende storleikar. Då kan elevane bruke noverdi og framtidsverdi til å modellere korleis gjeld og innskot utviklar seg over tid. Arbeidet kan gjennomførast ved hjelp av ulike digitale verktøy, som til dømes rekneark og dynamisk matematikkprogramvare. Kompetansemålet er avgrensa til å beskrive, berekne og samanlikne økonomiske alternativ når dei sentrale storleikane er kjende. Problemstillingar der éin eller fleire av desse storleikane er ukjende, blir behandla i andre kompetansemål. Dette utgjer ein gjennomgåande samanheng i matematikk for økonomi.

  • og forklare lineære budsjettvilkår og skissere område i planet som er avgrensa av koordinataksane og eitt eller fleire budsjettvilkår
  • lineær optimering til å bestemme maksimum og minimum for lineære funksjonar over område i planet som er avgrensa av rette linjer, og
    løysingane til å
    økonomiske og samfunnsfaglege problemstillingar

    Forklaring til kompetansemål

    Didaktisk støtte: Arbeid med dette bør gjerast både skriftleg og ved hjelp av digitale verktøy.

  • kontinuerleg rente ved hjelp av digitale verktøy og forklare forskjellen på nominell, effektiv og kontinuerleg rente

    Forklaring til kompetansemål

    Didaktisk støtte: Arbeidet med kontinuerleg rente omfattar eksponentialfunksjonar med grunntal e og bruk av naturlege logaritmar. Digitale verktøy kan brukast til å undersøkje korleis kontinuerleg forrenting skil seg frå rente rekna med faste renteterminar. Utforskinga kan knytast til dei same problemstillingane som ved anna renterekning, til dømes korleis ein innskotssum utviklar seg over tid, kva rentesats som ligg til grunn for ei utvikling, eller kor lang tid det tek før ein gitt verdi blir nådd.

  • eigenskapane til potensfunksjonar, eksponentialfunksjonar og naturlege logaritmefunksjonar til å
    og løyse problem knytte til renterekning

    Forklaring til kompetansemål

    Didaktisk støtte: Arbeidet med potensar og logaritmar kan avgrensast til å bruke reglane som er nødvendige for å løyse problem knytte til eksponentialfunksjonar og rentevekst. Gitt funksjonsuttrykket K(t) = K(0)(1+r)t skal elevane kunne bestemme den siste storleiken når alle andre storleikar er kjende. Det kan vere naturleg å omtale fleire reglar for potensar og logaritmar, men hovudvekta ligg på reglane som er nødvendige for å løyse slike praktiske problemstillingar.

  • formelen for geometriske rekkjer til å bestemme terminbeløpet i eit annuitetslån og til å berekne årleg effektiv rente ved hjelp av digitale verktøy når lånet har gebyr

    Forklaring til kompetansemål

    Didaktisk støtte: Bruken av formelen for geometriske rekkjer er avgrensa til utrekningar knytte til annuitetslån. Kompetansemålet omfattar ikkje ei generell behandling av rekkjer og følgjer.

  • gjennomsnittleg og momentan vekstfart til å
    endring i økonomiske modellar og
    vekstfart som endring i til dømes kostnad, inntekt, etterspurnad eller profitt

    Forklaring til kompetansemål

    Didaktisk støtte: Utrekningar av den deriverte er avgrensa til polynom og produktregelen, mens digitale verktøy kan brukast til å bestemme og analysere vekstfart for andre funksjonar.

  • derivasjon og digitale verktøy til å bestemme og
    nullpunkt, ekstremalpunkt og andre relevante kjenneteikn ved funksjonar som modellerer økonomiske samanhengar, og gi ei praktisk tolking av desse

    Forklaring til kompetansemål

    Didaktisk støtte: Utrekningar av den deriverte er avgrensa til polynom og produktregelen, medan digitale verktøy kan brukast til å utforske og analysere nullpunkt, ekstremalpunkt og til dømes konkavitet for andre funksjonar.

  • og bestemme elastisitetar til å undersøkje sal av ei vare og gi ei praktisk tolking av resultata

    Forklaring til kompetansemål

    Didaktisk støtte / omgrepsforklaring: Elastisitet i økonomi er eit mål på kor følsam etterspurnaden etter eller tilbodet av ei vare er når ein annan variabel, som pris eller inntekt, blir endra. Elastisiteten er definert ved El(x) = (x f’(x) / f(x)). Digitale verktøy kan brukast til å berekne og tolke elastisitet i økonomiske modellar.

  • derivasjon til å bestemme grensekostnader og grenseinntekter i økonomiske modellar og forklare betydninga av desse storleikane

    Forklaring til kompetansemål

    Omgrepsforklaring: Grensekostnad er auken i kostnader ved produksjon av éi ekstra eining, medan grenseinntekt er auken i inntekter ved sal av éi ekstra eining. Grensekostnad og grenseinntekt er diskrete omgrep som kan tilnærmast ved hjelp av den deriverte.

  • bestemme og
    profitt som funksjon av pris eller kvantum når pris per eining, etterspurnad og produksjonskostnader er gitt ved funksjonar, og
    resultata

    Forklaring til kompetansemål

    Didaktisk støtte: Ein kan til dømes undersøkje profitt som funksjon av kvantum ved å framstille funksjonen grafisk og vurdere kva produksjonsnivå som er mest lønnsamt. Utforsking omfattar her bruk av den deriverte til å bestemme det profittmaksimerande kvantumet. Digitale verktøy kan brukast i utforskinga.

  • bestemme pris som funksjon av kvantum når kvantum som funksjon av pris er ein lineær funksjon

    Forklaring til kompetansemål

    Didaktisk støtte: Arbeidet inneber å bestemme den omvendte funksjonen når kvantum er uttrykt som funksjon av pris. Slik omskriving blir brukt systematisk i økonomi, mellom anna ved berekning av konsumentoverskot og produsentoverskot, der kvantum vanlegvis er plassert på x-aksen.

  • tilbods- og etterspurnadskurver, finne marknadskryss og
    samanhengen mellom tilbod, etterspurnad og overskot for konsument og produsent

    Forklaring til kompetansemål

    Didaktisk støtte: Arbeidet kan innebere å utforske tilbods- og etterspurnadskurver både når dei er lineære og når dei er ikkje-lineære.

  • føresetnader, gyldigheitsområde og avgrensingar ved økonomiske modellar og
    vurderingane til å
    resultata i praktiske situasjonar
  •  og
     eit sjølvstendig arbeid knytt til samfunnsøkonomiske tema og forhold og
    matematiske modellar til å
    og
    funn

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering