Statistikk (MAT11‑01)
Kjerneelement
Utforsking og problemløysing
Utforsking og problemløysing i statistikk handlar om den statistiske problemløysingsprosessen. Det inneber å formulere spørsmål som kan undersøkjast statistisk ved å samle inn, vurdere og analysere data, og å trekkje og grunngi konklusjonar. Utforsking handlar om å finne mønster og samanhengar i data, undersøkje variasjon og uvisse og diskutere seg fram til statistiske tolkingar. Problemløysing i statistikk inneber å bruke statistiske omgrep, metodar og strategiar i situasjonar der framgangsmåten ikkje er gitt på førehand. Statistisk analyse av data inneber mellom anna estimering, hypotesetesting, korrelasjon og regresjon.
Modellering og anvendingar
Statistisk modellering handlar om prosessen med å gå fram og tilbake mellom statistiske modellar og data frå ein gitt kontekst. Kjerneelementet handlar om korleis statistiske berekningar blir brukte til å beskrive, forstå og trekkje slutningar om fenomen i samfunnet. Statistikk handlar om å tolke data og kontekst i samanheng og om å vurdere om analysen er gyldig, og kva avgrensingar han har. Anvendingar i statistikk handlar om korleis data, tilfeldige hendingar og statistiske samanhengar blir brukte til å skape kunnskap og støtte avgjerder innanfor vitskap og samfunn.
Resonnering og argumentasjon
Resonnering i statistikk handlar om å kunne utforme, følgje, vurdere og forstå statistiske tankerekkjer. Statistisk tenking skil seg frå anna tenking ved at ho byggjer på data, variasjon, tilfeldigheiter og uvisse. Argumentasjon i statistikk handlar om å grunngi og vurdere om framgangsmåtar, resonnement og løysingar er gyldige, og om å forstå korleis statistikk kan brukast både til å belyse og til å villeie.
Representasjon og kommunikasjon
Representasjonar i statistikk er måtar å uttrykkje statistiske omgrep, samanhengar og problemstillingar på. Representasjonar kan vere konkrete, kontekstuelle, visuelle, verbale eller symbolske. I statistikk handlar representasjonar om korleis data, statistiske modellar og resultat baserte på data blir behandla, framstilte, analyserte og kommuniserte. Det inneber å presentere data på ulike måtar og å grunngi val av framstillingsform. Det handlar også om å vurdere kritisk korleis data blir presenterte. Kommunikasjon i statistikk handlar om å bruke statistisk språk i samtalar, argumentasjon og resonnement.
Abstraksjon og generalisering
Abstraksjon i statistikk handlar om å forenkle og representere verkelege situasjonar ved å framheve det viktigaste og sjå bort frå mindre relevante detaljar. Det kan handle om å utforske omgrep, symbol og representasjonar for å uttrykkje resultat og samanhengar og om å bruke og vurdere statistiske modellar i ulike kontekstar. Generalisering handlar om å sjå mønster, analysere og trekkje slutningar ut frå data og variablar. Dette kan innebere å beskrive eigenskapar ved ein populasjon basert på eit utval frå populasjonen eller å finne samanhengar eller mangel på samanhengar mellom variablar.